Ellers har det vore barnebursdag og familiebursdag med kakebaking og vasking og alt annet som høyrer med. Gjekk bra og alle var nøgde.
Lamminga er over for i år. 78 flotte og velberga lamm vart det i år.
Dagen i dag har gått med til å få fem ponniar og sju verar på beite og å få sauene på beite døgnet rundt. Deilig å ha mindre å fore på.
Pegasus og Carmen vart slepte i lag i går. Spennande kva føll det kjem etter dei neste år.
For en hestesjå sesong for Stall Gryta. 🤪🙂
NPA ponnikåringa. Grytas Prins Mars eigd og oppdretta av Stall Gryta kåra.
Hingstekåringa på Stav for nl hest. Farin etter Gryta Lyngs Sine kåra og spiss.
Sørgards Kong Nor eu Gryta Lyngs Maia kåra.
Hingstekåringa på NNHS for nl hest. Sørgards Frøy etter Gryta Lyngs Maia kåra.
Unghestskue på Mo. Svarten sløyfe med bra poeng.
Hingstekåringa på NNHS for ponniar. Bakketuns Aron etter Grytas Isadora kåra.
Må bli en sjampiskveld etter dette. 🙂 Kjempestolt og takknemmelig for så gode resultat.
Tusen takk til alle som har vore med og gjort det mulig. 🙂
Laurdag var det bruksprøver, veterinær, mønstring og laushopping. Guttane gjorde det bra og spenninga var til å ta og føle på.
Søndag kom dommen for hingstane. Prins Mars vart kåra og Storm vart ikkje kåra. Veldig glad for å få ein egen avla sjølveigd hingst kåra. Litt historisk. Skuffa over at Storm ikkje vart kåra men men han er en fantastisk flott ponni uansett. Og skuffa over at Grytas Tom ikkje vart kåra fordi han hadde topp poeng i fjor og berre fekk dårlige poeng i år. Gledeleg var derimot at Ødegaardens Future fekk 2.pr som vi venter to føll etter i år.
Masse lamm er og komne. Og det har heldigvis gått bra med alle lamminger og sauer og lamm.
Dessverre er ikkje Flekken (vær) blandt oss lenger. Han låg daud på beitet stakkar. R.I.P. Flekken. Ein snill og umerkeleg vær som dessverre ikkje fikk bidratt i avlen.
Sturle (vær) er ikkje heilt i form. Sturle var blitt kald i uværet som var i går så har sett han i fjøsen med dekken, varmelampe, masse tørr flis og godt høy så får vi satse på at han blir fort bra igjen.
Har fått fire kjempeherlige små lamm i veka som var. Lorri har fått to værlamm og Pisa har fått vær og simpe.
Litt over to veker att til kåringa. Rikelig med nerver før kåringa. Det hadde vore heilt fantastisk om Storm eller Prins Mars og allerhelst begge vart kåra. Spennande spennande.
Har tatt drektighetskontroll på ponniar og kyr. Litago var tom dessverre. Så får prøve å inseminere ho og Black no i april mai. Flatlandsrosa virka å vere drektig heldigvis. Og Holly må og komme i brunst etterkvart. Er koselige alle kvigene våre.
Columbine og Betty er begge drektige og trur nok begge venter Foffe føll. Lollie virker dessverre ikkje drektig så då blir det ikkje noke eterlengta føll etter Zaspel likevel. Men men då er det å sjå om det fins en perfekt minihingst til Lollie og dei andre smådamene til neste års sesong.
Har meldt på Svarten til unghestskue. Så må få satt av nokre økter med trening av Svarten og før sjået.
Berre en mnd att til kåringa. Har fått bra med kåringsnervar alt.
Hestestall prosjektet er heilt omplanlagt igjen. Så då var det på an igjen med teikningar og nabovarsel. Og sjølvsagt er det tilbake til den egentlige planen. Snakk om mykje bortkasta arbeid og tid og penger men men viktigste er at resultatet blir bra.
Goldmund har og vore i hardt ver igjen. Goldmund hadde vore skadefri i nesten et år no. Og for nokre dagar sia kom han med bitemerke på halsen og kloremerker på magen og ei flenge i låret. Flenga i låret måtte syast med to sting og full antibiotikakur igjen.
Ellers går det bra med alt og alle heldigvis.
Fire geitekje er og komne til gards. Annlaug, Laila, Flekki og Santa heiter dei fire vakre geitene. Dei er kasjmirgeiter av rase. Så langt er det berre deilig å ha geiter på garden att. Har sakna det veldig. Er noke med geiter som andre dyr ikkje har.
Ellers sende vi Empati til slakt forrige veke. Trist å sende Empati likevel påkrevd etter litt for mange hoppestunt over gjerde og grinder.
Berre en mnd igjen til lamminga no. På tide å komme igang med klyppinga.
På tide å tenke på klipping og omflytting i fjøsen etterkvart. Mjølforing skal og i gang neste veke.
Boyadino vart benåda i siste liten. Boyadino hadde fått en hobby med å stange vannbøtter til småbiter som ikkje var så veldig koselig. No er han rehabilitert nær sagt. Stanger på en tjukk bjelke og har ei garnbøye han har fått i bingen å leike med.
Ellers går det bra med alt og alle og det er det viktigaste. Sliten fysisk til tider men men det høyrer med. Har vore flink å spadd to talle stekkar og krapsa stikkveiter for å få vatnet vekk frå veien i tillegg til alt det normale så syns eg er driftig for tida. Litt stolt av å køyre det aller meste av rundballer osv og med traktoren er nesten gøy å køyre traktor av og til.
Etter ein lengre periode med berrfrost og sol kom det litt regn og mildver igjen. Så lenge det ikkje blir dagleg i evigheter går det bra.
Måtte ta det vanskelege valget å ikkje gå på dyretolkskulen dette året i dag. Trur dyretolkskulen hadde vert godt for det meste. Men men. Av og til må en prioritere praktisk. 🤔
Har som vanlig klart å bli tolka på minst hyggelige måte på webdebatt. Må berre insjå at kardemomme loven ikkje kjem langt på verken nettdebatt eller i den virkelige verden. Ver snill og medfølende og bli tråkka på og kjefta på. Men men har fortsatt trua på at ein får det betre med seg sjølv om ein er snill og medfølande.
Fjøsbygginga vår går frammover. Har fått byggeløyve så no er det berre litt igjen på finansieringa så kan vi sette i gang. Gleder meg til å få kyr og hestar i ein koselig og romslig fjøs. Det blir en revolusjon i forhold til no. 🙂
Dyra har det bra. Og det har vi og.
Boyadino er dessverre litt sprø for tida. Stangar det meste av bøtter og vegger. Er kosete mot folk. Har prøvd det meste for å beholde Boyadino likevel virker det som einaste fornuftige er å "kvitte seg" med han.
Ellers er det litt realisme time for tida. Og mange valg å ta ang jobb og evt satsing på attåt næring på garden. 😎
Lollie har mista tanna si. Så no får vi berre tru dei tennene som den sto i veien for veks fint og sånn som dei skal etterkvart på Lollie. 🙂
Amanda hadde kolikk i helga. Heldigvis virker det som Amanda blir litt bedre kvar dag etter kolikken. Har fotsatt litt lite avføring. Så driv og prøver å få fordøyelsen i full drift igjen.
Har ellers bygd to kjempefine tørkebokser i garasjen. Kan tørke to ponnier i den eine og en ponni i den andre. Vart fine og koselige bokser som vart brukt litt når det var skikkelig høljregn her for ei vekes tid sidan og før det. Stolt over å ha bygd sjøl.
På tilbakevegen besøkte vi Sussi. Sussi er bordercollie tispa eg hadde frå ho var 2 mnder til ho var 2 år. Verdens aller aller beste hund. Måtte omplassere ho fordi eg ikkje kunne ta ho med då eg flytta og fordi ho ikkje trivdest med å vere på garden når eg ikkje var der 24 timar i døgnet. Er fem år sidan forrige gang eg såg ho. Så var kjempegodt å sjå ho igjen og sjå at ho bur på en drømmeplass med gode menneske som er glade i ho. Det har ho verkeleg fortent. Og det gjer det og litt lettare skjønt om eg har savna ho mykje desse åra. 🙂
Saueparinga er so å seie over. Kontroll tester berre no. Så blir nok masse fine lamm til våren. Heldigvis ikkje meir enn 35- 40 sauer som skal lamme. 😎
All tallen er endelig tatt i 2.etasje og alle lamma er sett i hus. Det samme er sauene som skal parast og en del andre sauer og.
Har kapsla alle og i den prosessen blitt biten gjennom fleire hudlag i tommelen. Det var svin ilt og tommelen har to store hol.
Fikk omsider klipt alle dei voksne værane i dag. Var så vidt det gikk bra. Knakk en tind på kammen då det var ein halv vær att å klippe. Og fikk ikkje laus skruane til å bytte kamm. Heldigvis var den tinden knekt heilt i tuppen så gikk å klippe resten av væren.
Eit lamm har fått vommforstyrrelse så håper veldig at ho blir bra og det fort. Håper ho et og er glad så fort som råd er igjen for det er eit flott og snilt lamm. Får medisin mot vommforstyrrelse. Og fikk b vitamin og i dag.
Ellers har alle dyr det bra. Og paringa er i gang.
Today we had lots of snow. A bit to early I think. 🤔
**************************************************************************************************************
Jetzt sind alle Schafe und Lämmer geschoren. Nur noch die erwachsenen Zuchtböcke müssen noch geschoren werden. 😎
Heute kam viel Schnee. Ein bischen zu früh nach meinem geschmack. 🤔
Shorne some sheep today to. Still some that are wooly left.
The animals enjoy the lovely autumn weather. It is so lovely with sun and dry fields.
The stable is under planning. Need to get building soon. Goal: the ponies in the stable before christmas. Realistic: remains to see.
Had good help from the boys and Rosi at the farm this week. And Mariannn got to ride one day.
***************************************************************************************************************
Heute auch welche Schafe geschoren. Noch welche die geschoren werden müssen.
Die Tiere geniesen das schöne Herbstwetter. Es ist so schön mit Sonne und trocken.
Die stallpläne sind unter bearbeitung. Müssen bald anfangen zu bauen. Ziel: Ponnies im Stall vor Weihnachten. Realistisch: noch nicht gut zu sagen.
Habe gute hilfe von den jungen und Rosie diese Woche am Hof gehabt. Und Mariann durfte einen Tag reiten.
Bilen fekk og sammenbrudd her om dagen og då viste det seg at radiatoren er gåen. Så må berre få bytta radiator så held nok bilen og over vinteren. 😎
No har det vert monsunregn nokre dagar. Har sett Pegasus på stallen pga ramp. 😎 Ronja på stallen pga halt/sårføtt vf. I går fekk Betty og Leopold og Future komme i hus var lite beite og vått overalt der dei gjekk. Og Lydia kom springande til meg på beitet (alle ponniane sto i stallen og ho stakkar måtte stå ute på beitet) og var lykkelig for å få komme i hus. Fiona klarer fortsatt å krabbe under stor/liten skillet i stallen. Ho er 127 cm og skillestanga er på en 110 cm. 🤩
Sauene har det bra. Er faktisk to som det veks gras i ulla på. Har aldri sett noke sånt før. Er frø med røtter og rundt 2 cm lange grønne grasspirer i ulla.
Ellers har vi no hesja og fått i hus tørrhøy.
Så var det tilbake til høyslått og kvardag. Har fått i hus en del høy og enno er det en del små bøar og kantar som skal tørkast. Blir hesjing for brøye ver er det ikkje meldt på lenge. Ellers veks håa på rundballebøane fint og. 🙂
Vi tok en dag her i forrige veke og helsa på dei to dexter kalvane vi har tinga. Og dexterane er unektelig nokre søte små kyr. 🙂
Goldmund hadde klart å få villkjøt i såret medan vi var vekke og måtte til vet å få det svidd av. Så no er Goldmund strengt bevokta for at såret skal gro fint skal til kontroll hos vet neste veke. Og i går henta eg to små venner til goldmund som skal heite Jess og Miss. Kjempefine kattungar som vi fekk hos Silje. Håper goldmund blir godvenner med dei. Det hadde vore fint no når både Teigen og Grisabella har vore vekke i over to mnder. Håper dei kjem att i god behold. Er bekymra for dei. 🤔
I går fann vi eit lamm med flogemakk mellom bakbeina. Flogemakk er utan tvil noe av det verste som fins. For ein tortur det må vere når dei angrip. Heldigvis var dei ikkje komne gjennom huda og lammet burde kunne klare seg fint når vi no fekk behandla det. 🙂
Eros er flytta i allefall på prøve for to mnder. Og det virker som Eros trives.🙂
Avlshingsten Ødegaardens Future er kommen til gards og går med Bine og Betty. Future er en fantastisk snill og flott hingst så det hadde vore fint om det kom ei hoppe eller to ekstra til han.
Ellers driv eg og Silje og planlegg bursdagsfest. Litt gøy må en ha det. 😎
Storm og Pegasus har bytta beite fordi dei stakk av. Så no har Svarten og Prins Mars heile hingstebeitet.
To flotte føll er kommne. Amanda og Leopold er berre herlige.
Bine er bedekt med Amandus spent på om ho tok seg. Og Lollie går med Zaspel aus Waat blir spennande med føll der ho er og alt bedekt.
Ellers er det surt og kaldt. Venter på varme og sol så gras og lamm kan vekse.
I dag har det vore kjempeflott vårver. Så vi tok å rei på toppen av Engabøfjellet/Furåsen. Eg på Ronja, Malwina på Eros, og Lara på Gaia. Ronja var berre heilt rå i galoppen. Og eg er heilt møyr etter å ha ridd så mykje etter ikkje å ha ridd så langt på leeeeenge.
Værane er kome på vårbeite med leskur og trives heilt supert. Låg og kosa seg i timevis i sola i dag. Og føllhoppene har fått luftegard med gras. Det var og stor stas.
Driv å klypper litt sauer i mellom alt annet. Har igjen rundt seks med heilårsull resten har heldigvis berre halvårsull. Stor forskjell. Deilig å sjå at det er mindre og mindre att å klyppe for kvar økt.
Berre dagar igjen til lamming og følling no. Grugleder meg og eg er så spent så spent.
Deilig å komme tilbake til garden i strålande sol etter nokre dagar på Alexandra hotell. Heile familien reiste til Alexandra der vi kosa oss med bad og mat og masage og dans. Absolutt å anbefale for slitne bonde damer og drosje/brøyte karar. Bra batterilading.
Så kom Gaia attende i dag. Var godt å få Gaia attende til flokken.
I dag har eg faktisk drive med alt annet en gård. Litt rart å ikkje ha vert på gården ein heil dag.
Har derimot prøvd korleis det er å ha det litt familie koselig. Brent bål og grilla pølser med sjøen i lag med familien og Leidulf og så kom en nabo forbi og prata ei stund. Og så vert i tretti års dag til Trine Lise og ete kaker og drukke brus. Var veldig koselig alt sammen.
Even
29.05.2013 10:55
Hei. Har dere alle sauene deres under sida sau ?? Ser ikke alle dere skriver om her
anni
02.11.2010 17:30
såå mange fine ponier til salgs: ) spesielt Stjernens Mini Fairly og Grytas Pegasus, er det di på finn.no???
rosi
05.08.2012 10:49
eg synest pegasus e kjempe søt!<3
Lene
Anne
15.10.2010 18:03
20.08.2010 09:09
Dagmar
04.09.2010 21:42
Takk. Takk. Å det kommer nok regndager og. Det er dager for å ta det lugnt.