Ullgryta.

100

Sauer på garden.

18

Geiter på garden.

Kva gjer vi

Ullgryta er truleg Norges einaste ullgard. 

Vi prøver så langt det er mulig å unngå å sende dyr til slakt. Og la sauene og geitene få leve sitt naturlege liv. 

Eldste sauen vi har hatt vart 16 år og 11 månader. I motsetning til vanlige sauer i kjøttproduksjon som stort sett ikkje blir meir enn maks 8 år.


Bevaringsavl.


På Ullgryta har vi fortsatt sauer av dei gamle norske rasane som er verneverdige. Vi prøver å ta vare på stammane som har vore avla på gardane våre i over 100 år. Kvart år blir nokre få sauer para og får lov å få lamm som dei beheld med seg resten av livet.

Kulturlandskap.


Sauene og geitene på Ullgryta er viktige bidragsyterar for å halde det vakre kulturlandskapet vårt i hevd. Uten deira bidrag ville det fort vore skog overalt. Beitemarka med eit enormt artsmangfald er ekstremt viktig å ta vare på. Vi bruker ikkje sprøytemiddel og driv jorda Debiosertifisert.

Ull.


Ull er ein fantastisk naturressurs. Og vi prøver så godt det let seg gjere å videreforedle mest mulig av ulla.


Vi har med samarbeid med Selbu spinneri fått laga eit fantastisk flott og mjukt garn av grå trøndersauene og blæsetsauene våre. Garnet er litt dyrt pga høge produksjonskostnader men vel verdt pengane. Det klør så å seie ikkje og er varmt og godt. Garnet finn du i nettbutikken vår. 

Dyrevelferd.


Alle dyr er unike og fantastiske individ. Og fortjener beskyttelse og forståelse for sin individuelle eksistens.

På Ullgryta prøver vi å tilrettelegge best mulig for att alle dyr blir fulgt opp mot sine individuelle behov.

Alle dyr på garden har sjølvsagt navn og vi kjenner kvar enkelt på navnet. Mange av dei kan og navnet sitt. Og det er utruleg gøy å sjå dei reagerer kun den eine sauen når ein ropar navnet til den.




Det er ikkje lett å få det til å drive ein gård økonomisk, uten å slakte. Så derfor treng vi all økonomisk støtte vi kan få. Og er kjempetakknemlige for alle som bidreg med å kjøpe produkt i nettbutikken, sponse ein sau og vippse ein støttesumm.

BLI MED I GJENGEN.

Følg oss og bidra til att vi kan holde draumen om ein fristad for glade sauer og geiter i live.