Shetlandsponnier.

2001 var vi og såg på to 6mnder gammle shettishoppeføll på Averøy. Valget falt på den raggete lille svarte Sunniva etter Gilbert v.h. Iebenbos og Tangens Søtnosa. Vi måtte fange ho med lasso på beitet og så vart ho bært til hestetilhengeren. Sånn kom shettiseventyret i gang her.

Shetlandsponnien er ein rase som fascinerer meg noke enormt. Så små, sterke, kloke og snille ponniar.

I 2002 kjøpte eg Valhall Little Secret med føllet Grytas Chess og i 2004 kjøpte eg Dennis frå Nordgard etter mi meining ein av landets finaste avlshingstar.
Så vart det voldsomt mykje ponniar og mange avla føll kvart år ei stund. Og gnisten for avlen vart litt svekka med eit marked som ikkje akkurat lønner det slitet og arbeidet det faktisk er å avle gode bruks og avlsponniar. Stall Gryta vart godkjent som Shetlandsponnistutteri gjennom NPA i 2009. Og eg er stolt av den stutterigodkjenninga. Det er for tida berre ti godkjendte shetlandsponnistutteri i Norge. Så det er litt eksklusivt. Av økonomiske og praktiske årsaker valgte eg å ta ein liten pause fra avlen i to år. Selde hingsten og selde mesteparten av dei voksne hoppene. Så får vi sjå kva neste generasjon bringer. Eg gleder meg til å få følge dei frå føll til voksne ponniar for ein gongs skuld. Dei fleste følla vi avlar no har både hingst og hoppe avla her med Grytas som prefix. Spennande å sjå resultatet av 2. generasjons grytas avl.

Er glad i kvar og ein av ponniane. Det er store personligheiter alle sammen. Og det er verkeleg verdsatt både av hest og eigar når anledninga byr seg for litt skikkelig kvalitetstid med turar i fjell og mark sammen. Er ingen problem med snille og pålitelige turvener som shettisane er.

Avlsmålet mit for rasen er tettbygde lågstilte ponniar av den gamle typen. Med eit stødig og godt gemytt for handtering av alle slags folk. Gode bein og bevegelsar er sjølvsagt. Og ein psyke som fungerer fint i flokk med eit hårlag som er laga for å tåle vestlandsver.

Kos i hoppeflokken på sommarbeite 2013.

Kos i hoppeflokken på sommarbeite 2013.

Avlshopper.

Sunniva. NPA 3793. NS 823.

Sunniva kom til oss som 6 mnder gammelt føll i 2001. Ho er etter Gilbert v.h. Iebenbos NPA 1802 NS 289 og Tangens Søtnosa NPA 2289.  Sunniva er snill både å køyre og ri.

Utstillinger.

Sogndal 2002. Sløyfe.
Breim 2003. Sløyfe.
Mo 2007. Godkjent.

88 cm.

Føll.
 
2007 fekk ho Grytas Leander med Dennis frå Nordgard.
2008 aborterte ho et vakkert hoppeføll etter Dennis frå Nordgard.
2009 fekk ho Grytas Ariell gråblakt hoppeføll med Neptune of Bryghart.
2010 var ho ikkje drektig eller kasta tidleg med Dennis frå Nordgard.
2011 fekk ho Grytas Denise svart hoppeføll med Dennis frå Nordgard.

Sunniva om vinteren 2012.

Sunniva om vinteren 2012.

Grytas Chess. NPA 4391. NS 824.

Chess skulle egentlig komt til verden hos oss. Skjebnen gjorde likevel til at vi ikkje fekk henta ho og Secret før ho var blitt ei veke gammal og småvill. Chess er født 2002 og er etter Valhall Black Panter NPA 3558 og Valhall Little Secret NPA 3561 NS 639 2.pr. I i kval. Chess er en super bruksponni. Og fungerer fint som rideponni for både store og små.

Utstilling.

Breim 2003. Sløyfe kval I.
Mo 2007. 3.pr.

94 cm.

Føll.

2006 fekk ho Grytas Esmeralda 2.pr. kval I svart hoppe etter Dennis frå Nordgard.
2007 fekk ho Grytas Cesar sl.pr. svart hingst etter  Dennis frå Nordgard.
2008 var ho tom etter bedekking med Dennis frå Nordgard.
2009 fekk ho Grytas Tom sl.pr. kval I svart hingst etter Dennis frå Nordgard.
2010 fekk ho Grytas Storm rød hingst etter Heathers Lille Buster. 
2012 fekk ho Grytas Amanda 2.pr. kval I rød hoppe etter Amandus fra Steinsrud.

Chess på sommarbeite 2012.

Chess på sommarbeite 2012.

Lollie på hoppeskue 2015. (Foto Inger Grønntun.)

Lollie på hoppeskue 2015. (Foto Inger Grønntun.)

Grytas Ariell NPA 7174.


F. 19.04.2009. Gråblakk.

Etter Neptune of Bryghart og Sunniva.


fekk ho eit dødfødt hoppeføll etter Grytas Rainbow.

fekk ho eit gråblakt hoppeføll som kom med berre ein fot og hovud og døydde under fødsel etter Grytas Kleivar.

2026 venter ho føll med Hermits Abbaccus.



Vinteren 2014.

Grytas Amanda NPA 8181.

Amanda f. 01.05.2012 er ei rød hoppe etter Grytas Chess og Amandus fra Steinsrud. Fantastisk avlshoppe. Stor og velbygd hoppe.

2.pr. Kval I. Stryn.

2016 fekk ho eit svart hingsteføll, Grytas Benjamin 3.pr , etter Svarten.

2017 tom/kasta etter bedekking med Svarten. 

2018 fekk ho eit svart skimmel hoppeføll, Grytas Angelica, etter Svarten.

2021 fekk ho Grytas Amandus, rød hingst, føllsløyfe med Grytas Kleivar. 


2023 fekk ho Grytas Dante, rødkvit flekkete hingst, med Grytas Dash.


2025 fekk ho Grytas Simon, rødkvit flekkete hingst, med Grytas Dash.

2026 venter ho føll med Grytas Dash.



Grytas Angelica.

F. 2018. Etter Svarten og Grytas Amanda.

29.03.2022 fikk ho eit flott hoppeføll etter Grytas Kleivar. Grytas Speedy. Mørk raud (skimmel) med stjernebless. 

29.03.2025 fikk ho eit dødt svart hingsteføll etter Grytas Kleivar.

2026 venter ho føll med Grytas Kleivar.


Grytas Solveig.  

F. 08.05.2022. Svart hoppe.

Etter Grytas Satin Future og Grytas Benjamin.

Sløyfe Kval I. Føllskue Stend. 8,5-8,5-8-7,5-8,5.

2026 venter ho føll med Hermits Abbaccus.


Avlshingstar.


Grytas Kleivar.

Rød hingst med kvit fnugg i Panna. Født 07.06.2013. Etter Stjernens Columbine og Ødegaardens Future. Skikkeleg flott hingst med spennande stamme for vidare avl. Lisensiert 2016.

2017 fekk han eit flott svart hingsteføll, Grytas Esteban, med Grytas Esmeralda.

2017 fekk han fekk han eit vakkert rødt/gult hingsteføll med Stjernens Mini-Sunlollie som kom baklengs og vi ikkje klarte å berge.

2018 fekk han Grytas Pixie, brun hoppe, med Scootaloo.

2018 fekk han Grytas Partyman, svart hingst, med Grytas Esmeralda. Sløyfe som åring.

2022 fekk han Grytas Speedy, rødskimmel hoppe med bles, med Grytas Angelica. Sløyfe føllskue.

2022 fekk han Grytas Amandus, rød hingst, med Grytas Amanda. Sløyfe føllskue.

2022 fekk han Grytas Constantin, mørk rød hingst, med Grytas Esmeralda. Sløyfe kval I føllskue.

2023 fekk han Klokkargardens Dakota, rød kvit flekkete hoppe, med Tante Lille Fix.

2024 fekk han Linkens Rasmus, svart hingst, med Linkens Raija.

2024 fekk han Linkens Thorin, svart hingst, med Angel Tanita. Gull 1/1 NPA show føllklasse.

2024 fekk han Linkens Oliver, svart hingst, med Odessa v.d. Baarlesweg.

2024 fekk han Linkens Linus, svart hingst, med Linkens Lilly.

2024 fekk han Linkens Ivana, svart hoppe, med Ida fra Holla. Sølv 1/2 NPA show føllklasse. 

2025 fekk han eit dødfødt svart hingsteføll med Grytas Angelica.

2026 venter han føll med Grytas Angelica.


Grytas Benjamin.

Benjamin er født 05/05-2016. Svart hingsteføll etter Svarten og Grytas Amanda. Flott bygnad og svevande røyrsler.

Lisensiert 2020. 3.pr.

Grytas Dash.

Svart og kvit flekkete hingst f.2019. Etter Grytas Rainbow og Grytas Denise. 


Starum 2025. 2.pr. Kval I

Grytas Cash.


F.2023. Svart hingst. Etter Grytas Dash og Grytas Esmeralda.


Sløyfe Breim 2025.

Stjernens Mini Sunlolli. NPA 7410.

Lollie er født 28/04-2009. Palominfarga hoppe etter Shambles Ray of Sunshine og Stjernens Mini-Whisky. Kom hit hausten/vinteren 2009 frå Stutteri Stjernen i Danmark. Eigar er Viktoria Vonen (dotter mi) som fekk ho i dåpsgave av meg. :)

Hoppeskue Mo 2015. 2.pr. kval II med poenga 8-8-7-8-8 9 på lynne 84 cm.

Ei vakker minihoppe med topp stamme. Burde bli ei stilig avlshoppe med tida. Lollie er eit spesielt lite vesen med skikkelig mini attitude. Snill og likevel bestemt, og for noken flotte bevegelser, så vakker.

2012 bedekt med Zaspel aus Waat.
Ikkje drektig.
2015 fekk ho Grytas Rainbow, rød/kvit flekkete hingstføll med stjerne, etter Rosengårds Monsun.

2017 mista ho eit vakkert rødt/gult hingsteføll etter Grytas Kleivar. Føllet kom baklengs og sto ikkje til å berge. 


2026 venter ho føll med Hermits Abbaccus.


Unghingstar.

Grytas Simon.


F.2025. Rød og kvit flekkete hingst med halvt bles.

Etter Grytas Dash og Grytas Amanda.

Nyeste kommentarer

31.05 | 10:05

dere har veldig søte hester

16.02 | 16:53

Belgium

18.12 | 10:22

7 føll gleder meg virkelig. Blir veldig spennande:)

15.04 | 11:57

Hei det var en veldig fin hest. Hvor bor dere?

Del denne siden