For ei veke det har vore. Fire dager med intensiv leiting etter ni ponnier som plutselig var sporlaust vekke. Fant dei heldigvis etterkvart på toppen av et fjell i nærleiken. Crazy gang. 😎
Nokre snille og vakre sauer og lamm har blitt sendt til slakt. 😥 Liker det absolutt ikkje.
Været har vore fantastisk fint. Og det trengtes etter ein våt og kald sommar.
Paringssauene er komne i hus. Lamma og pensjonistane er i hus. Halvparten av værane er og i fjøsen. Så berre nokre værer att på beitet. Åtte stk i utmarksbeitet som ikkje var klar for å komme på bøen enno (Les hester og strømmgjerde var i veien. 😉) Og gjeldsauene er inkvartert på vinterbeitet.
Vi har mista to gode venner på gården.
Sander den flotte og snille monsen vår på 2 år fikk en alvorlig luftveisinfeksjon som han ikkje vart frisk av. R.I.P. Sander.
Og ei av dei flotte kvite hønene vart offer for hønsehauken. Ho var akkurat kommet gjennom mytinga og hadde fått flotte nye fjær. Tok hønsehauken på fersken så ingen tvil om skyldspørsmålet. R.I.P. snille kvite høna.
Husbygginga er i gang igjen. Etter snekkeren har hat to veker med ferie. Vi har valgt kjøkken. Berre tusen detaljvalg igjen rundt heile huset.
Har solgt en del værer og værlamm til avl rundt om kring. Og en flokk sauer er og tinga.
Endelig litt tørt og fint haustver. Ponniane og sauene likar det. 🙂
Kåringa er overstått for i år. Hadde med to voksne værar. Oddvar GNS som fekk 1.pr. og Arnold grå trønder som fekk 2.pr. Sju værlamm som alle vart kåra. 1 sjeviot. 3 grå trønder derav fekk 1 1.pr. 3 GNS og derav fekk 1 Arnbjørn 1.pr. og en fekk 2.pr og Jonsokgutten til veslebonden vart kåra. 🙂
Vi har fått oss sju nye brune høns. Dei er flinke å verpe og meir og meir "normale" høner etter tilvære i gigaflokk. Ei av dei kvite hønene vart tatt av eit rovdyr. Trist å miste ei frisk kvit høne sånn. 😥
Huset veks framm dag for dag. Rart og godt att det berre er eit halvt år til vi flytter til Gryta igjen. På tide vil nok mange seie. Spennande å skulle få vårt heilt eige hus som ingen har budd i før. 🙂
Berre to kattungar att å selge. Ei er tinga og om ikkje det kjem noke seriøse folk til sistemann får han bli her. Må omplassere Sander uansett så då blir kattetalet konstant. 😉 Sander vart kastrert her om dagen. Blir stadig jaga av dei andre kattane. Så no må han bli i form og så flytte til noken som kan ha han som huskatt. 😎
Alle ponniane er tilbake i Gryta og omland. Det er ganske fint. 🙂
Lammesauene og lamma er klipt. Berre nokre få værer og værlamm evt att å klippe om en mnds tid.
Vaska 2.etg, foreta ute, låvebrua, brua i andre, og foreta i første. Berre hesteboksane og ute i første att å vaske.
Ellers går det mykje i kurs. Lærer mykje kvar dag.
Skikkelig god dag på hoppesjået i dag.
Grytas Esmeralda 2.pr kval I og Stjernens Mini Sunlollie 2.pr kval II. Heilt overvelda. Både eg og Viktoria var overlykkelige for dei gode resultata. Viktoria skulle egentlig stille Lollie sjølv turte ikkje det likevel men men var no med og fekk premien for hoppa si. Og kjempestolt. Esmeralda var eg så heldig å få overta tilbake etter to år som leigd avlshoppe. Tusen takk til Paula for det. Og tusen takk til Mariann, Solea, og Kira for all assistanse på hoppesjået. Hadde ikkje gått uten dokke og den fantastiske samboeren og stesønnen som og var med og bidrog på mange måtar. Følla var og snille og tolmodige.
Her er det mildt sagt hektisk for tida. Husbygging pågår. Ponnistallen er flytta på ny plass og har fått innervegger og bokser på plass. Geitefjøs blir bygd på flotte gamle tufter. Heile TOLV søte små kattunger er komne til verden. Og dei tre mødrene er steriliserte. Heldigvis er mange interessert i kattunger. Og nokre er alt lova vekk.
Hoppene er påmeldt hoppeskue. Følla er i gang med grimetrening. En mnd å øve på. Tida fyk av gårde.
Natur og Ungdomm har for tida sommarleir i Vevring mot sjødeponi. Dyra våre fekk fredag besøk av 26 hyggelege ungdommar som kosa masse med ponniane og nlhestane. Og så var dei med og plukka to skuffer med høymoler. I går var vi å høyrde på knallrå musikk med Selma Stang og Blasfemisk Eksplosjon med "dumpe deponi" (råaste låta eg har høyrt på lenge).
Rundballane og bittelitt tørrhøy er hausta. Og gylle er kommen på for håslåtten.
Då er føllinga over for i år. 🙂 Esmeralda fekk eit stort flott hingsteføll etter Rosengårds Monsun 20.06. Føllet skal heite Grytas Bukefalos. Og virker å vere ein kontaktsøkande og søt liten hingst.
Rainbow veks og trivast. Er så koseleg å ha et føll som Rainbow som vart meget prega på menneske. Koser og leiker og har lyst å ha kontakt med oss menneska. Spesielt gøy for eigaren hans (på 6 år).😉
Ellers går det bra med alle dyra (untatt ei brun høne vi mista). Lamma veks og trivast og graset gror. No kjem det litt sol og. Så neste no blir rundballeslått og tørrhøy tørk.
Avløysar er på plass. Ikkje at vi skal reise noke plass. Likevel godt å ha avløysar som tek i et tak så eg slepp å vere ute av drift pga ryggen. Og så vert det nok litt fjellturar og dagsturar her i området.
Huset er og i gang å bli bygd. 🤩 Mur og grunnflate er klar. Og forskalingssnekkerane er i full gang. 20.august skal snekkeren ta til.
Ponniane koser seg rundt omkring på sommerbeite i beitepussar teneste. Meget praktisk. 😎
Etter å ha oppdatert litt på sida var det fort gjort å konstatere at en del ponnibilder treng oppdatering. Har da vitterlig finerer bilder en dei lurvas ponniane som er av unghingstane..... Må ta det en dag eg får tid..... Går litt i et med politikk osv for tida.
Ellers har vi fått eit kjempefint søtt lite hingsteføll. Grytas Rainbow ein rød/kvit flekkete hingst med stjerne etter Stjernens Mini Sunlollie og Rosengårds Monsun. Sto plutselig på beitet en morgen eg kom ei veke før tidligste termindato. Hoppa hadde kjempemykje tråte så han klarte ikkje å komme til spenane og eg klarte ikkje å få melka særlig mykje melk. Etter ei sprøyte med oxitocin og ei runde rundt halve Sunnfjord for å få fat i råmelk og melke diverse hopper kom heldigvis melkeproduksjonen og sugelærdommen på plass etter omlag eit og eit halvt døgn. Vart tre og ein halv time søvn på meg på den tida. Melke og flaske fore annakvar time. Så glad når suginga var lært og melka er på plass. 🙂
Svarten er lisensiert og skal i år få bedekke Carmen og Amanda. Det blir spennande føll. 🤩
Fleire av ponniane er i beitepussar teneste rundt om.
Lydia er på romantisk besøk hos ein eselhingst. Så no berre må det bli eselføll etter denne romansen. 😎
Lamma veks og trivast (untatt eit lamm vi mista uten noke god grunn).
Hønene verper og spankulerer rundt omkring.
Ti vakre og snille værar er sendt til slakt pga gjerdesniking og så dei fem værlamma som kom midt på sommaren i fjor.
Mykje tid har gått med på politikk nokre mnder no. Både kommunepolitikk. Og politikken rundt mineralprosjektet i nabobygda. Kjemper med nebb og klør for at ikkje deler av garden min skal bli regulert til industriområde. Så frustrerande at en skal måtte kjempe for å få lov til å vere bonde. Burde bli behandla som en konge for at ein gidd å drive med landbruk. Ikkje berre dyttast til side. Men men vi får no sjå om fornuften eller pengegriskheten seirer. 🤔
Veret er isande kaldt. Med mykje regn og nokre få solglytt imellom.
Her har det vore så travelt at eg ikkje har skrive noke på 2 mnder. Skremmande/imponerande.
Vi har fått 45 flotte friske lamm. Litt mindre ting har det vore og et lamm mista vi pga det kom til verden på den 1 og en halv time lange tilsynspausen og hadde hinna for snuten. Så kan ikkje klage på årets lamming. Og lamma er så søte og herlige. 🙂
Et nordlandshest/lyngshest føll er og komme til verden hos dei som skal overta hoppa ho er etter. Ei flott rød med stjernebless hoppe som har fått namnet Gryta Lyngs Venus. Venus kjem om alt går bra hit når ho er minimum et halvt år og avvendt. 🙂
Ellers har dagane gått med til gjerding, gylling, husrydding og dyrestell samt kurs og politikk. Hadde aldri klart det utan alle dei snille assistentane mine som er med å tar i et tak.
Fekk ei skikkelig gladmelding i går frå Monica Dahle Jørgensen. Eigaren til Grytas Prins Mars som reiste herfra som kåra hingst for to år sidan. På helgas hingstekåring fekk han 3.pr. som 5 åring. Og er dermed godkjendt og anbefalt til avl vidare. 🙂 Stolt. 🙂
Ellers går no dagane sin vandte gang. Ponnistallen er på reise. Frå der den sto til ei tomt vi skal støype platning på på ponnibeitet. Akkurat no står stallen midt på bøen på ponnibeitet. 😎
Ikkje verst med flyttbar stall. Blir nok bra når den kjem på plass.
Hustomta er så å seie klar. Neste no er finpussing og betong.
Våren er kommen og graset gror. Muligens litt beiteslepp til veka. Værar og nokre få ponnier. Om å gjere å få dei på beite medan det er så lite at dei held beitet og tek litt tilleggsfor for å få en fin overgan.
To veker att til lamminga tek til. 🙂
Snåle dagar..... Fokuset er på familie og helse ikkje dyr og hesteavl.....
Men men det må og til av og til. Og nokre ting må en berre gjennom.
Nokre fine dagar har det vore med flott ver. Dyra har kosa seg desse dagane og vi og.
Fiona og Leopold har flytta. Både godt og rart å overlate Fiona og Leopold til andre.
Sauene veks til stadigheit og om 6 veker er det lamme tid. 🙂
Vara i kommunestyret har eg og vore. Og skjønt om eg gjorde det eg kunne fekk eg ikkje kommunestyret med på å bevare Dalen skule og leige vekk Fjorden skule til privatskule.
Vi er i gang med husbygginga. 🤪
Vinden uler rundt veggane og våren kjem med stormskritt nærare. Gleder meg til grønne beiter, små lamm, små føll og geiter på fjellet på prøve. :)
Har i dag lært noke om geiter eg ikkje viste. Og det var geitene som lærte meg det. Har ofte sett geitene stå å "angripe" ei buske med horna. Trudde dei sto og klødde seg mellom horna med buskene. I dag når eg fora dei med ei grangrein gjekk dei amokk på den med horna. Ikkje for å klø seg. Grunnen er at dei skaver laus bark med horna så dei lettare får fat i borka med tennene. Fantastisk å sjå og en fin ting å lære. Er ikkje mykje som kan måle seg med å få studere dyr slik.
Kjenner på at dyra som ikkje kan gå ut verkeleg lengtar ut no. Forstår ikkje at vi framleis held dyr i fjøsar vinteren gjennom. Eit minimum burde vere at dei fekk vere ute når det er fint ver. Men men ikkje så lett å få til med både ho og handyr og forskjellige grupperinger for foring.
Blir en del dyr som flytter no. Godt for dei og godt for å få betre plass i bygge og rive prosessane. Samtidig litt trist og rart. Men men det må til.
Tunge veker. 🤔
Sjukdomm og meire sjukdomm. Ingen praktikant. (Les lange dager på meg som må ta alt i små løft og snegle tempo.....) Hølj regn, hagl, lyn og torden. Det har vore ein prøvelse. 🤪
Men men no kom sola og tørrver for nokre dager så en kan få prøve å lade batteria litt i det minste. Det trengst.
Er så mykje på agendaen no. Måtte gje meg på å prøve å fungere i 20 % jobb i tillegg. Ikkje nubbesjans. Vart liksom litt forandring på alt av planer her plutselig.
Hus skal i gang å bygges. Så stall. 😙
Blir ikkje kjedelig her. I tillegg til ei kjempespennande utdanning eg held på med for å få meg en "fornuftig" jobb som kroppen min tåler.
Berre nokre få mnder igjen til beiteslepp(gjerdemareritt) og lamming og følling og slått.....😎 (Ok ok den med slått var kanskje litt drøy. ) Er så godt no når dagane vert lengre. Heilt fantastisk med fleire timar med sol. Godt for både kropp og sjel.
Kvir meg på å komme i gang med rivinga. Har så mange gode minner frå "praktikanthuset" og huset har sånn en fantastisk atmosfære. Har alltid vore yndlingshuset mitt sia eg var ganske så liten. Så får vi sjå om det huset vi skal bygge får en like god atmosfære. Blir hvertfall et kjempefint hus. Stallen blir det mindre vemodig å rive. Kan knapt vente på å få en ordentlig hoppestall med lufting og beite vegg i vegg med stallen.
Ellers går no dagane som vanlig. Og vi er som vi pleier.
Då var 2014 over og 2015 i gang. 😎
2014.
Eit år med mange refleksjoner og veivalg.
Etter ei mildt sagt nervepirrande hingstekåring i mars, der Svarten burde stått som ein av to kåra treårshigstar (hadde samme poeng som den einaste som vart kåra og dommeren bad oss møte igjen neste år fordi det absolutt ville vere verdt det), og ødela fleire mnders arbeid ved å ikkje la dyrlegen tafse han på ballane i løpet av nokre få sekund, og Pegasus ikkje vart kåra, var eg mildt sagt heilt demotivert på alt som gjaldt hest og utstilling. Ikkje alle hestar og alle menneske passar til å delta på utstilling. Eg elskar hestane mine og eg liker å drive med avl. Eg har derimot null behov for å vise hverken hestane eller meg sjøl til vurdering for andre. Einaste drivkrafta er stambokregistreringa. Ponnien er like god uansett kor tallrekka blir den eine dagen.
Spinnekurs var eg på. Og interessen for videreforedling av ull er absolutt vekt. 🤩
Vi fekk masse flotte lamm og kje og tre flotte shetlandsponni føll. Ei N/L hoppe og to shetlandsponnihopper er bedekte og venter føll i 2015.
Vakre Brumma kom til gards i løpet av sommaren. Og Brumma har blitt et fullverdig medlem av hesteflokken.
Beatrix og Carmen var på hoppeskue og gjorde det kjemebra. Beatrix med 2.pr. kval I og Carmen med 3.pr. Må seie oss godt nøgde med dei resultata. Og følla var eksemplariske på dei fleste måtar. 🙂
Året har i alt vore prega av fantastisk fint ver. Vi fekk tørka mykje høy og turt rundballefor vart det og. 🤪
På værlammkåringa vart værane til Viktoria godt premiert så Viktoria vart kjempestolt. Ming Bård fekk 2.pr. og Willie 1.pr. I tillegg fekk værlammet mitt Hibiscus 1.pr. og Arnold vart kåra. Saueavlen og kåringa er berre gøy. 🙂
Pegasus vart seld og reiste på våren. No er han skulert til barneponni.
Polaris vart og seld på sommaren. Og om alt går bra får vi kanskje sjå Polaris (den eksteriørmessig flottaste unghingsten vi har hat) til kåring neste år.
Ein god del værar og værlamm har flytta til andre gardar for å bli avlsværer. Og det er fint.
Langbeina fikk fire kattunger på sommaren og vi ga vekk tre av dei. Og beholdt ei pus. I oktober kom plutselig Langbeina med fire kattungar til. Derav er til no ei gitt vekk. 😙
Vi har fått oss ti høns. Fem kvite som kom i juni og har gitt oss gode egg sidan det. Og fem brune som kom i november. Veldig spennande å lære og bli kjendt med høns. 🙂
Ellers har mykje av året gått med til rydding på begge gardane våre. Mykje å ta tak i. Flott foringsplass til sauene har vi bygd. Og sauene kan no ete tørrføtt nokre meter over bakken i stadenfor i forhekker med smale sauer som trakker i maten og gjørme på beina. Stor forbedring. Meget fint. 😎
Eg har måtte gått ein del runder med meg sjøl og mi eiga helse dette året. Er ikkje berre lett å måtte lære å forstå at ein har ein rygg og kne som ikkje går å overbelaste lenger. Og å måtte tenkje fordeling av arbeid deretter er et stort steg å ta. Dele børene, ta mindre på gaffelen i slengen, ikkje bære tunge ting, maks to hester å fikse hover på (ryggen gjer ilt etter en halv stort sett), prøve å ungå fysisk handtering av sau meir en høgst nødvendig og be andre om å ta dei tyngste taka er ikkje heilt meg men men eg lærer etterkvart. I tillegg er eg i gang med utdanning og har tatt til i ein liten 20 % jobb. Så kjedeleg er det ikkje akkurat.
Hadde en plan om å få Storm for vogna i løpet av vinteren. Det hadde vore noke.......
Så får vi sjå kva 2015 bringer. Godt nyttår til alle som følger oss her. 🙂
2.juledag. Omsider fått sett Askepott på dvd. 😎
Er lenge sia eg kunne unne meg luksusen å sjå Askepott når den går på TV.....
Vi har eit flott juletre frå eigen skog i stova. 🙂 Masse flotte gåver var under treet. DVD om Rhinen, Islender (ull genser), fin ullgenser, lubbar spøta av ei god venninne av garn handspunne av søstra hennar frå hennar eigne GNS sauer, klippemaskinsolje, sauepute, presseninger, brodder, jakke, arbeidsbukse, verdens finaste bilde av ein fjellrev, sjal, hjulbolt skruer, julehefte, godteri, vin, handklær og kjeks. Vi har det temmelig luksus her til lands. (Om eg ikkje akkurat syns det når eg er i fjøsen og kald og skiten medan andre kosar seg i sine varme stover. Men men det er sjølvalgt og og gøy.) Går mange tanker til dei som ikkje har noke som helst i desse overflods dagane med god mat og drikke. Er rart kor verden er så skeivfordelt når her er meir en nok naturresurser til at alle kunne hatt rikelig med mat. Og at det finst krig og anna elende er totalt uforståelig når alle veit at fred og medmenneskelighet er det beste for alle. Nok julemelankoli.
Vi hadde vekevis med regn. Så kom det litt snø. Så sludd. Så fraus det til is overalt. Og på toppen av det er det no komme 15 cm snø. Ikkje trygt å gå noken plass. Sauene trekker i hus og ponniane er så vidt innom stallen. Morsomt å studere kontrastane der. Kattane ligg helst i varmen og hønene tripper rundt og småkakler. 😙
Året er snart omme. Det er i grunnen rart for dette året har godt i ein forrykande fart. 🤩
Vi mista en flott ung sau for to veker sia vakre Grytas Grey Luck. R.I.P Grytas Grey Luck.
Fantastisk flott ver no. :) Må brukast til noke fornuftig. Så i dag har vi reve det gamle gjerdet attmed foringsplassen. Sauene har fått midlertidig foringsplass i gamle ponniluftegarden og det funker supert. Greve vekk lausmassen og funne fjell. Her skal det byggast foringsplass med strekkmetall rister så vi slepp gjørme og regn på sauer og for når dei et. Blir genialt. 😎🙂
Brent ein masse pallar og råtne plankar og kvist som vi har rydda rundt om på garden. Deilig å få shina litt. 🙂
Ponniane forsto ikkje heilt at bål er skummelt...... Nosa heilt i flammane. 🤩
Paringa er i gang for i år. Så blir det en liten lammeflokk til våren og.
Sauene og lamma er klipte. Har att å klippe nokre få av avlsværane. Er en imponerande flokk desse store avlsværane våre når dei kjem brumlande. Fem småværar er påsett. 2 for avl 2 for kos og en fordi han er for fin å slakte. Gns lamm på over 60 kg er ikkje kvardagskost. Fem små værlamm som kom til verda i sommar (ikkje planlagt) skal forast til februar. Og så blir det å sende ei lita pulje i februar og. Ikkje lett å planlegge vidare saueavl. Til tider frister det å ha berre 35 hobbysauer. Samtidig bør vi ha minst 110 sauer for å få beita alle beita og ha nok drift for ikkje å bukke under økonomisk med FRP i styre og stell..... Så blir nok eit til år med full drift. Påsette lamma er flotte og jamne og sommer søyelamma er og flotte.
Hest er ein av tinga FRP tydeligvis heller ikkje prioriterer. Mykje er i endring i hestenæringa spesielt med avlsreglement osv. Så blir spennande å følge med. Ingen av hingstane skal til kåring til våren. Lite poeng i kåring økonomisk sett og tida til å prioritere hest er nok ikkje heilt der heller med husbygging og kanskje muligens stallbygging på agendaen.
Geiteflokken vår har og vokse i og med at vi har sett på fem kjempefine geitekje. Neste beitesesong er planen å få dei på fjellet.
Driv å prøver å få til noke meir vidareforedling av ull og. Gardsspinneri eller liknande hadde vore gøy. Ser meir og meir verdien av kvalitetsull og ullplagg. Samt at eg etisk meiner at å halde sauer for ull er langt betre enn for kjøtt.
Ellers har eg vore på halv drift lenge no med astmatisk bronkitt. Vert sakte og sikkert betre likevel ikkje heilt bra enno etter seks veker.
Følla er microchipmerka og passpapira er sendt. Godt å få det gjort. Har så fine ponnier. Er glad i dei alle sammen.
Fire små kattungar til har sett verdens lys. Så fine att ein ikkje kan vere sur ein gang. Hadde tenkt å få Langbeina sterilisert etter forrige kull. Men men no har vi bestilt sterilisering av Langbeina neste veke. Svin dyrt. Men men en nødvendighet. Vaksinerte alle fem voksne kattane denne veka. Er glad for å ha katter no gitt. I tillegg til at dei er fantastisk fine vesen er dei og gode musejegerar og det trengst når det er museår som i år.
Pegasus har og bytta eigar og får det nok tipp topp hos noken som vil ha han til bruksponni. Skjønt om han nok heller hadde vore avlshingst denne sesongen og. 🤔
Svarten er heldigvis gode kosegutten igjen. Har vore heilt eksemplarisk sia vi kom attende hit og godt er det.
Lucky hadde ei fantastisk økt i dag. 🤩 Skulle flytte åringane på et anna beite og regna med at det kom til å bli vanskelig å få på han grime. Prøvde å lokke og lure med brødbitar og kose osv. Gikk ikkje og eg hadde i grunnen bestemt meg for å gå med dei to andre og bruke god tid og prøve å få fatt i Lucky. Sto med grinda og tenkte å prøve berre ein gong til. Og under over alle under Lucky sto heilt fint medan eg tok på grima. Trur Lucky har forstått at for å komme gjennom grinda må en ha på grime. 🙂 Fantastisk god hest det der.
Ellers går vurderingane i om det hadde vore ei mogelegheit å gjere garden om til Inn på tunet gard. Inn på tunet studiereiser denne og kommande veke.
HMS kurset er og unnagjort. Godt å få dokumentasjonen en treng på plass.
Nortronic har vi og vore på. Og to pulverapparat er komne på plass i fjøsen.
Eg har vore på spinnekurs og fått spunne ull frå eigne sauer. Det var kjempegøy så rokk og kardemaskin står på lista over ting som trengst når en får rå en gang. 🙂
Har hatt to flinke praktikant jenter denne mnden så hestane har fått trimma litt. Hingstane har vore i hall og tok det veldig fint.
Vi har tatt tallen i sauefjøsen. Og med høyforing er det blitt skikkelig tørt og fint i sauefjøsen.
Eg har klart å bli skikkelig forkjøla. Så no venter eg berre på at forkjølelsen skal gå vekk så eg kan komme i gang med klipping og hovfiksing neste veke.
Og eit fjorlamm har muligens sørga for at vi får lamm i juni juli i år og. Hoppa i stekken til to værer i dag av overflyging. 🤨
Hingstane hadde ei knallgod treningsøkt i dag. Var å vassa litt i fjæra, trena med plastik over heile kroppen, masse disiplin og stille fint. 😉
Ellers har vi fått saga vekk en del gamle tre som hadde gjort si gjerning. Vart en god del ved av det og. 🙂
Er ei hektisk tid no med mange ballar i lufta. Krevande og mykje som skal gjerast papirmessig. Men men om vi får til halvparten burde det bli bra. Både jobbmessig og gårdsmessig.
Ponniane har nesten ikkje vinterpels. Berre ein kort og tjukk pels.
Hingstane er så vidt i gang med treninga til kåringa. Hadde vore fantastisk om begge hingstane vart kåra.....*drøyme.*
Alle dei drektige hoene er alt vortne større og berre nokre få mnder er att til lamming og følling og kjeing. I år burde det kunne bli mest kos då fjøsen ikkje blir overfylt.
Har annonsert Lucky og Poldi. Er på tide dei får flytte til noken som har masse tid og kjærleik til overs som dei kan gje til dei.
Oksen har mest sansynlig enno ikkje para kvigene. Så vurderer å få lånt en okse om der skal bli noke drektighet på dissa kvigene våre.
Kattane har gode dagar. Kattane har absolutt ingenting imot late dagar på sofaen.
Går for lang tid mellom kvar gang eg skriv her. Så skal prøve å bli flinkere til det. 😎
No er vinteren kommen. Fjøsen er smikk full og i tillegg går 55 sauer og ni ponniar og kyrne på utegang. Irriterande å ikkje ha fått på plass stall enno. Men men har laga triveleg rom til sauene i kjellaren på det kvite huset. Der er det turt og fint når det stormar og bles. Og ponniane og kyrne er flinke å dele på utegangsstallen. 🙂
Vi har gjort utrulig mykje rundt om på garden. Bygd nytt ingangsparti med støypt dekke der vi legg rundballane i første etasje. Støypt en platning der vi legg rundballar i andre etasje. Og fått ordna med skikkelige grindstolpar og funksjonell grind mot utmarka. Ikkje så verst bonde sambuaren min når han berre vil. 😉
Neste prosjekt eg og sambuaren har på planen er ei utendørs forete med strekkmetall golv så sauene kan stå å ete uten at det blir gjørme rundt foringsplassen. Det burde kunne bli genialt.
Paringa er i gang for sauene. Stakkar hingstane må til tider evakuere bingane sine til fordel for værlamm og sauer som treng litt privattid for å få til paringa. 🤩
Dennis er godt tilbake i kvardagen på garden. Er eit spesielt bånd med Dennis. Måtte han berre bli heilt bra igjen. Verkar som såret gror sakte og sikkert likevel fortsatt mykje sår igjen og en daglig kamp å få spraya det med blåspray men men må man så må man.
Ellers er alle dei andre dyra i fin form. Er godt i gang med klipping. Tar små puljer når der er tid til det. Skal ikkje til med paringa før 15.11. i år. Så har litt tid enno å få alle sauer og lamm på plass.
Har ellers kjøpt dexteroksen vi har hat her i år. Håper og håper at dexteroksen skal få kvigene drektige etterkvart. Prøve med meir kraftfor foring til dei. Irriterende at det skal vere så mykje vanskelegare med brunst og paring på ku en andre dyr.
Vi har og fått modernisert garden litt. Ordentlige grindestolper på beitet. Og støypt rundballeplatning med døra i fjøsen. Samt støypt firkant til rundballe i andre etg.
Syns det er så koseleg med følla og smålamma. Litt som minner om våren no når det haustast meir og meir. 😎
Koser oss med gode bær om dagen. Laga litt sylte av rød og kvit rips og solbær. Neste år blir det definitivt gele. For mykje fruktsteiner ellers. 😉
Kvigene har fått seg okse. Så no får vi tru vi får to fine dexterkalvar neste år. 🙂
Geitene terga en nabo til det ytterste med å knabbe gras frå bøen hans. Enda det er naboen som har gjerdeplikt var han rasande fordi geitene tok nokre grasstrå. Ikkje lett å forholde seg til slikt. Stressande saker.🤔
Ellers har Sunniva og Denise vore lånt vekk til en familie. Og det var berre godord å få for insatsen deira. Kjempekoselig med sånne tilbakemeldinger. Flinke ponniane. 🙂
Kattungane veks og leikar rundt i fjøsen. Følla veks og og held på å bytte pels. Lamma er alt store. Bortsett frå midtsommarlamma dei er fortsatt små og lammaktige. 😎
Slakte sesongen nærmar seg med stormskritt og det vert ei tøff tid i og med at rundt 60 sauer og 35 lamm skal sendast til slakt. Hater det. Men men må gjennom valgets kvaler og få sendt en del sauer no. Et steg nærare målet om den etiske garden der dyra får bli gamle og bidra med dei gavene dei kan gje oss uten å bli mat.
Hadde ellers ein lys tanke her om dagen. Eg har alltid gått rundt og forventa at alle dyr har lyst å bli venner med oss menneske. Dermed har eg syntes det var svært vanskeleg å forstå kvifor det fins sauer som aldri blir interessert i kontakt med menneske. Her om dagen forsto eg derimot plutselig at det heller er dyra som vil ha kontakt med menneske som er temmelig unike. For alt i deira natur tilseier at det ikkje er noke lurt å bruke energi på å bli venner med eit vesen av ein annan art som i tillegg minner mest om eit rovdyr. Til samanlikning er det svært få menneske som ser poenget med å knytte kontakt med dyra slik som eg og nokre få andre menneske eg kjenner gjer. Det var det som leda til denne informative tankerekka. 🤩
Langedrag, gol, sveastranda og hunderfossen. Koseleg selskap med slekt og venner. Masse god mat og drikke og fint ver.
Så fekk Grytas Betty eit flott svart hoppeføll. Ho skal heite Grytas Satin Future.
Maia fekk det absolutte drømmeføllet. Ei sølvsvart hoppe med stjerne som skal heite Sørgards Brumma.
Vi fekk omsider slått graset. Det vart 75 rundballar. Og fem svanser med tørrhøy er og komne i hus. Godt alt som er gjort.
Annbjørg har fått kattungar og. Mest sansynleg to hoer og en hanne kattungane til Annbjørg.
Ellers går alt sin vandte gang. Og sommarveret det let vente på seg.
Ellers har eg gjort minst mulig denne veka. Og hat med masse assistentar på garden.
Var å såg på travløp på Mo. Koselig det har ikkje vore med på det før.
Såg alle amandus følla i går. Mini er komma og skal gå med Amanda og flokken i sommar. Og Leopold skal gå med Avi som selskap. Flotte åringar alle sammen.
Har fått kjempefin pause benkebord. Og pynta med litt blomar.
Even
29.05.2013 10:55
Hei. Har dere alle sauene deres under sida sau ?? Ser ikke alle dere skriver om her
anni
02.11.2010 17:30
såå mange fine ponier til salgs: ) spesielt Stjernens Mini Fairly og Grytas Pegasus, er det di på finn.no???
rosi
05.08.2012 10:49
eg synest pegasus e kjempe søt!<3
Lene
Anne
15.10.2010 18:03
20.08.2010 09:09
Dagmar
04.09.2010 21:42
Takk. Takk. Å det kommer nok regndager og. Det er dager for å ta det lugnt.