Søndag. 26.Juni.

Har henta tilbake godjentene Gaia og Fiona i dag. Ho som hadde dei å for må på sjukehus ei stund etter ei hesteulukke for et år sia. Så får vi sjå om ho ve ha dei tilbake når ho blir heilt bra igjen. Var kjempedeilig å få dei til gards igjen. Dei e så søte og flinke. Leia begge på tilhengeren aleine. Og tok begge av tilhengeren aleine og leia på beite. Ronja virka glad for å få dei tilbake. Ronja e berre så søt og god.

En dag med fint ver og så skal det regne at. Er litt stressa med tanke på slåtten.

Var i koselig bursdagsbesøk til ei venninne i går. Var veldig gøy det.

Har litt hestedilemma for tida. Ikkje lett å bestemme noke som helst når fornuft og økonomi ikkje tilsier store sprell.

Fredag. 24.Juni.

Det er bare ikkje sommer ver i år. Igjen på ti grader og kaldt regn. No trengst det litt sommar. På absolut alle måtar.

Vaksinerte Lollie og Bine og Sunniva i dag. Microchipmerka Denise og laga til passpapira. Hvirvler og kastanjer på liten hårete hest er et eget kapitell. Ellers er no unghoppene kjempefine no. Godt hold og etterkvart blanke i pelsen.

Sauene er i fin stand. Lamma veks og trivast.

Fått i hus nokre og tjue kubikk med sagflis. Litt av et slit.

Tirsdag. 21.Juni.

Då var 60års festen godt overstått. En suksess på alle måter. 🙂 Var så stressa og sliten før 60 års festen. Så deilig å få den unna. Hadde ei lita matkrise som vi heldigvis fikk ordna med litt spekekjøt og brød. 🤪Ellers gikk alt heilt supert. Kunne ikkje klart det uten Beate, Petra, Malwina og Kai Odin. Gode venner og fantastiske kjøkken og bar assistenter. 🤩😎

Ellers har vi kapsla og flåttbehandla en liten saueflokk i dag. Kontrollvegde nokre lamm. Dei største var frå 25 til 32 og dei er i mellomskiktet på alder. Så spent på kor tunge dei store lamma er.

Amandus og hoppene kunne trenge fleire hopper til selskap. Dei er alt gode og runde. Amandus er en fantastisk snill hingst. Berre god.

Ellers var det ekstrem lyn og torden her for to dager sia. Og styrt plask regn. Veien på gården var vaska vekk i store elver. Og data og tilkobling heilt ødelagt.

Har plukka høymoler og kosta sponlageret så det er klart for spon. Har gjort bøane klare for slått så venter spent på når det blir slått.

Mandag. 06.Juni.

I dag har vi stått på. Åtte timer med effektiv jobbing i kaldt regnver. Kapsla og flottebehandla to grupper og flytta to saueflokker på kjempestort og godt beite for ei stund så dei andre beita kan få vekse litt gras på og. Det trengs etter kuldeperioden.

Ellers venter vi på litt meir sommar. Er ikkje mykje sommarleg enno.

Søndag. 05.Juni.

I går var en trist dag. Svalin og Tungråa låg plutselig daude på beitet. Begge var sikre for å bli verende som avlssauer med godt lynne og god stamme. R.I.P. Svalin og Tungråa grommsauene.

Dagen før reiste Gaia og Fiona på for til ei bekjent. Spent på om Gaia og Fiona trives der.

Alle sauene har endelig lamma. Og alle lamma er i fin form untatt to. En har et sår som heldigvis gror etterkvart var skikkelig stygt ei stund. Og en an har en vitaminmangel/leddbetennelse. 

Har besøkt ponniane som er lånt vekk til beitepussing i dag og for nokre dager sia. Er feite og fine og virker å trivest på beitet.

Gleder meg til å få samla hesteflokken til høsten. Gleder meg derimot ikkje til å måtte velge blandt sauene til høsten.

Søndag. 29.Mai.

I dag fikk Amandus ei hoppe til i flokken. 2.pr. hoppa Evita kom for å tilbringe nokre romantiske veker på beite.

Ellers er det rikelig å gjere for tida. Har kapsla og flytta på sauer i fleire dager.

Hestetilhengeren er og endelig fiksa. Så nå er det berre å få hestetilhengeren på etterkontroll.

Var hos legen om dagen og heller ikkje legen har noke god løysing på alt eg grubler på når det gjeld videre drift på garden. Eg må nok berre vere tolmodig. Eneste som e heilt sikkert e at no har eg for mykje i forhold til kapasiteten. Det går i eit heile vekene no når det egentlig skal vere tid til andre ting. Eg fantserer om 35 sauer og tid til å drive med hest. Så får vi se ka vi kan klare å få til etterkvart.

Mandag. 23.Mai.

Det høljer fortsatt og er kaldt. I går brukte vi dagen til å bygge leskur til nokre sauer sånn at dei endelig kunne få komme på beite. Vart et fint lite leskur. Og det kunne trengs i dette ruskeveret.

Prata med unghingstane i dag. Koselig gjeng.

Og kosa lenge med Chess. Chess er blitt så voksen. Og ho er bare vakker. Tida har flydd sia vi henta ho som ei vekes føll i 2002. Spent på nesteårs føll. Det blir andre generasjons grytas begge to så det blir litt ekstra spennande.

Prøver å finne økonomi til å bygge en meire praktisk foringsplass til hoppene til vinteren. Har lyst å lage en drivein forhekk i tre som går an å bitte ponniane i for tildeling av pellets. Tar en time med leie til og fra foringsplass metoden. Og fore på beitet går ikkje med nlhoppene i flokken. Så hadde vert supert å kunne sette alle ponniane fast i eta og fore pellets og rundballe og høy uten å måtte gå på beitet og køyre mellom ponniane. Får sjå ka økonomien tilseier. Går med runde forhekker og. Krever berre alltid to personer for å få fora osv.

Laurdag. 21.Mai.

I går vart Ronja 17 år. Syns ikkje det er lenge sidan Ronja var et lite føll og vi ikkje hadde peiling på hesteavl.

Her høljregner det og har gjort det ei stund no. Og det er kaldt og ikkje noke særlig fint ver for små lamm. Så treng litt varme no. Graset veks og bedre då.

Har flytta og behandla sauer mot snyltere både på og i sauen. E no litt styr med sauer sånn sett.

Koser meg med Amandus. Eg må si Amanus er noke av det mest fantastiske hestevesen som fins så snill og lydig til hingst å vere.

Lørdag. 14.Mai.

Gladmelding i dag frå Grytas Tom.
Grytas Tom og eigere var på unghestskue i dag der han fikk sløyfe kval I og 38,5 poeng. 😀😀😀😀

Tirsdag. 10.Mai.

Har vert traktorvakt på gyllinga i dag. Klarte å bli dusja i gylle på eine koblinga på gylleslangen. 🤩

Har vatna alt og alle. Trengst litt regn no. 😲

Held på å ordne gjerde på sauebeitene. Deler det eine beitet med netting deilig å sleppe elnetting. 😎

Hestane er alt beitefeite. Godt å sjå at dei trivast. 🙂

Søndag. 08.Mai.

Det har altså gått en mnd siden eg skreiv her. Det har mykje sammenheng med at eg og familien har budd ein mnd på garden og tatt imot til no 138 fine små lamm.

Mykje har skjedd på denne mnden. Fiona har vert vist på unghestskue i Førde og fikk ikkje sløyfe. Viste det i grunnen før vi reiste tok likevel sjansen. Fiona kunne godt fått sløyfe. Var litt i slankaste laget likevel ikkje tynn men men her omkring er fett populært på unghest. Betty derimot fekk sløyfe og nokre poeng bedre en i fjord. Svært skuffa over at ho ikkje vart stilt i kvalitet for ho burde fått mykje bedre på rasetype og muskelsetting. Er mildt sagt i flott stand. Men men har nå lært litt i år og som skal forandres til neste år.

Amandus fra Steinsrud har kommet til gards og er slept med Chess og Betty. Amandus er en kjempeflott hingst med godt lynne. Unghingstane og Lydia er slept på beite i lag. Lydia går der berre mellombels til ho skal gå med sauene som lammevakt. Unghoppene og Sunniva og Denise er vekklånt som beitepussere. Sunniva må vere litt rideponni og og Denise er berre blitt så fin og stor.

Lamming har det som nevnt vore og det er kommet masse flotte lamm. Og det har gått veldig bra i år. Har desverre mista to spesielle og flotte lamm etter fleire dager med kamp for å berge dei. Veldig trist.

No e gyllinga i gang. Og det er et sårt behov for regn. Er bra med gras. Desverre er det ekstremt tørt overalt no.

Laurdag. 09.April.

I dag har det komme til verden fire lamm. En sau med enkelt og en sau med trillinger.

Køyrde dei seks eldste lamma og sauene deira på beite på en gard vi pakter. Der er det fjøs så dei kan vere i og det virka som grønt gras og god plass var veldig verdsatt. Lamma hoppa og spratt. Og sauene beita i vei.

Chess og Ronja fekk og gå på bø med litt gras i dag. Dei sprang og tøysa som unghester.

Sunniva og Denise var på liten leierunde. Sunniva er skikkelig beskyttande og Denise er berre søt.

Fredag. 08.April.

No spring 11 søte lamm i fjøsen. Og desverre har to lamm komme til verden som ikkje var mulige å berge. Er nervøs for om det kan vere noke smittsomt. Håper at det er tilfeldig at det har vert to unge sauer som har kasta kvar sitt lamm i tillegg til å ha eit normalt lamm.

Ellers kom føllet som vi har venta så spent på i kveld. Litt før tida vi hadde venta det likevel heilt i normal variasjon. Sunniva fekk ei bittelita, kjempesøt, svart hoppe etter Dennis frå Nordgard. Grytas Denise skal ho heite. Denise har sjølvsagt fått navnet etter hingsten. Sidan ho er kjærleiksføllet som vart laga då hingsten braut gjennom fire gjerder og sprang nesten to km for å komme til hoppa og var der en dag før eg merka at han hadde stukke av. Vurderte å gi hoppa ei hormonsprøyte. Lot det heldigvis vere og resultatet vart altså et hoppeføll. Så får vi håpe føllet veks til og blir en like fin ponni som foreldra. Eg er hvertfall glad det vart føll på garden i år og. Ho kjem nok til å bli mykje kosa og dulla med.

Torsdag. 07.April.

Ti søte små lamm i fjøsen no. Er åt å vårast. Og det er deilig om enn det er litt surt vårver enno. Hadde ungsauene på beite og alle lammesauene i fjøsen.

Hestane lengter etter beite. Slit litt med apetitten.

Mandag. 04.April.

I gårkveld lamma to sauer så nå er det fire fine små lamm i fjøsen. Så koselig.

Flytta værane til stallen og laga klar fleire lammingsbinger og flytta sauer. Får vente to dager med å flytte gimrene og sette lammesauene i hus.

Var et fæla ver i dag. Så hestane var berre på rask lufting.

Hadde koselig middag i kveld. Veldig hyggelig.

Laurdag. 02.April.

Klipte fjorlammet som slapp å bli klipt med resten av flokken i dag. Flott fjorlamm i godt hold.

Har laga klar lammebingen så no venter vi berre på lamm. Og termin var i går så spennande no.

Fredag. 01.April.

To begivenhetsrike dager no.

I går var vi til Bergen.

Besøkte en venn på Haukeland som har fått foten i klem mellom nokre containere. Stakkars venn som har venta på Haukeland i to veker på at hevelsen skal gå vekk så dei kan operere foten. Får litt perspektiv på kor heldige vi er som ikkje har skader eller sår. Og blir litt skremt liksom av ka som faktisk kan skje.

Så var eg på MR med knea. Gikk bra på MR så nå er eg spent på ka dei seier om knea.

Var på besøk hos ei tante i Bergen og. Spiste lunsj hos tanta.

Så var vi på IKEA. Skaffa litt ting vi trengte på IKEA.

I dag skulle tilhengeren på kontroll. Holdt på å gå fryktelig gale. Hadde ikkje fått på kroken skikkelig og etter fem km datt tilhengeren av. Det rykte i bilen og plutselig for tilhengeren på sida av bilen. Havna på støypekanten med to hjul på kvar side. Fikk assistanse av en snil bonde og mannen som akkurat var på arbeid hos den snille bonden. Og etter nokre minutt var vi på veien igjen og kom til kontrollen i tide og med handbrekkvaier skaffa på veien. Var godt mannen var på arbeid akkurat der i dag. Var heilt skjelven lenge etterpå. Er lykkelig for at det gikk så bra som det gjorde tross alt. Skal fra no av alltid dobbeltsjekke at den lille knappen på handtaket er sprutten laus ikkje berre at handtaket er flatt og kjenne etter i kula at det er festa rundt. Tilhengeren er godkjent hvertfall må berre bytte bremser bak og vise den igjen. Er så lykkelig for at tilhengeren var tom i dag. Fikk litt viktig lærdom der.

Mandag. 28.Mars.

Omgangssjuke i går på meg. I dag er eg no heldigvis litt bedre. Var skikkelig fælt i går var dårlig og sliten deluks. I dag berre kvalm og svimmel.

Berre nokre dagar att til lamminga. Og føllinga kjem og nærare omtrent fire veker att.

Lurer seriøst på ka eg skal gjere med gården. Kva eg tener mest på med minst arbeid og som eg klarer heilt på egenhånd. Tenker så eg blir heilt surrete. Kunne vert godt med en fornuftig og dedikert rådgiver.

Og fjellbeitet som ikkje går å bruke pga attgroing og mangel på veier. Og ikkje minst problema med knær og rygg. Skal no få kartlagt kva som er gale med knær og rygg og om det går å gjere noke. Er ikkje akkurat godt å ikkje kunne gå i ulendt terreng når det meste av området er ulendt terreng.

Torsdag. 24.Mars.

Ei veke igjen til lamminga tek til omlag og en mnd til føllinga. Spent no.

Fekk melding om at Dennis frå Norgard og Vollegrendas Princess har fått et vakkert og stort svart hingsteføll. Så glad for å høyre at alt har gått bra.

Køyrer mykje traktor for tida. Tippa sauetalle med stor tilhenger på tipplassen der det er temmelig kronglete å snu. Det gikk fin fint. Så stolt. Og rundballer går og fint etterkvart. Må nesten si det er litt gøy å køyre traktor etterkvart om det er no veldig skummelt og enno.

Hadde økologisk kontroll i går. Alt i orden på økologisk kontroll.

Tirsdag. 22.Mars.

Og folk sier at hestefolk er useriøse................. Mini ku folk er hvertfall minst like useriøse om ikkje meir. Hadde som tidligere nevnt tinga to dexter kvigekalver som vi skulle få kjøpe no til hausten. Prisen skulle då vere rundt        6 000 til 7 000 for kvar. Sendte mail til han som eg hadde tinga dei hos for å sjekke at alt var i orden og at dei vart avhorna osv. Tinginga var i orden einaste som vart litt endra var at dei ikkje selde kvigekalvar lenger så eg måtte evt kjøpe to drektige kviger i staden. Hadde for så vidt vore i orden det om ikkje det hadde vore for ein kjempe prisforskjell. Kvigene kosta nemleg 25 000 for stykket. Skjønar ikkje korleis det går an å vere så useriøs. Eg bestilte kalvar fordi eg ville ha kalvar som eg kunne få skikkelig tame og vandt på gjerda og beita her. Og eg bestilte kalvar fordi det var det eg kunne ta meg råd til. Forventer folk at ein skal låne pengar for å kjøpe kyr. Ikkje veit eg vart i allefall kjempeskuffa. Har gleda meg lenge til dei to pelskalvane skulle komme og bli kosa og styra med. Og no må eg evt hoppe på venteliste ein an stad noke som tar minst et år.

Ellers går det no bra med hestar og sauer. Magar og jur veks alle veier.

Skreiv rasrapportar i dag. Såg då dei nusselegaste små svartfjeslamm i en skog langs vegen. Måtte berre ta bilde. Så må berre dele dette vårteiknet med dykk i dagens dagbokbilde.

Er no meir vårleg no heldigvis. Etter et døgn med ekstremflomm.

Søndag. 20.Mars.

2 veker igjen til lamminga tek til og 6 veker omlag til føllinga. Er no så å seie heilt sikker på at det vert følling i år. Så må berre alt gå bra og det må komme eit fint og friskt føll. Blir et ekte kjærleiksføll. Og så må alt gå bra i lamminga. Er et stress nivå som berre det å ha ansvaret for så mange fødande og akkurat fødde på så kort tid.

Ellers er snøen stort sett vekke og regn i bøttevis er meldt. Køyrde rundballer sjøl i går og fiksa greip sjøl med å bytte skaft. Stolt over meg sjøl. Blir rart for meg å ikkje ha så mykje assistanse og fendten på gården. Den er brøyte traktor nokre mil unna så ikkje tilgjengeleg lenger. Ikkje det Forden har godt av å bli brukt og eg treng traktortreninga så eg ser berre godt på det. Derimot er det litt deprimerande at mannen har så mykje arbeid med AS firmaet og taxi bedrifta at det ikkje er tid til dugnad på garden. Mannen skal assistere med dugnad til gylling og klipping ellers må eg leige folk eller gjere sjøl det eg treng å få gjort. 🤔😎

Har mange vanskelege valg i tida som kjem. Kanskje ikkje så vanskelige valg verre å skulle stå for valga og få dei til å fungere. Spent på om eg får noke løysing på problema med rygg og kne har i hvertfall tatt tak i det og blitt henvist til MR så får vi se ka MR kan vise. Uansett ser eg mine egne begrensninger og begrensningene med å ha 15 km kvar vei til gården. Ser for meg å ha tretti førti sauer i den stekken med plastrister, Shettisstutteriet i drift med ti ponnier, to esel for kos, etterkvart en liten flokk dexterkyr, to til fire nlhester eller andre større ponnier til bruk i ridetimer, kanskje nokre få høner, en gris til å ete matavfall, fjøskattane, dårlig økonomi og mykje glede med arbeidet. 🙂😉
Det med økonomien er nok det som blir verst å få til. Men men om eg må jobbe litt i tillegg har eg no klart det før så et eller annet må gå å få til.

Ellers trena eg Fiona med bitt i går. Fiona er en flott hest som hvertfall både eg og andre trivast med å handtere.

Søndag. 13.Mars.

Førti cm snø og lenge til beitesesong enno. Var i grunnen litt fortvila pga det.

Så fikk vi høyre om jordskjelv og tsunami i Japan og alt vart sett i et helt annet perspektiv. Medkjensle og støtte går til dei folka som er ramma av desse katastrofene i Japan og folk som har venner og familie der.

Tirsdag. 08.Mars.

Her er det full storm og høljregn. Ikkje ver for noken.

Har brukt dagen i dag på lege og leiting etter ploghjul. Fant ploghjul og vart sendt videre i systemet av lege.

Skal få tatt mykje beiterydding osv no. Må samle ihop alle el gjerda og som fraus fast før vi fikk dei i hus.

Berre nokre få veker igjen til lamminga brakar laus no. Måtte berre alt gå bra i årets lamming og beitesesong.

Lørdag. 05.Mars.

I dag har vert en følelsesmessig turbulent dag. Og en aktiv dag.

Var å gjekk en times tid med Betty. Var kjempefint, passe ver, og Betty var i strålende humør.

Så var det litt hovfiksing av en skikkelig godhest. Godhesten har hat ei tøff tid så no må det gå mot full bedring snart er det en hest som fortjener det er det denne.

Ellers har vi hat reinsdyrsteik i dag. Var godt med reinsdyrsteik.

Torsdag. 03.Mars.

I dag var det en temmelig "naken" saueflokk på garden. Klipte alle sauene i går. Gikk fort 4 timer og 105 ca sauer. Gode assistenter var det og på alle plan.

Lora fikk smiska seg i fjøsen og eit fjorlamm stakk av uklipt då vi skulle flytte flokken frå andre etasje til klippeplassen. Lora har hat lyst i fjøsen lenge så litt fint å kunne vere litt snill då. 🙂 Fjorlammet blir nok ikkje så lett å få fanga. Får no hvertfall litt klippetrening i år. 😙

Tirsdag. 01.Mars.

Har sett i hus beite sauene i dag. Om dei vert heilt tørre til i morgon gjenstår å sjå.

Må drive med litt skryt av stallen i dag. Fikk som vanlig bladet Hesteliv i forrige uke. Og midt i Hesteliv sto NPA si stutteriliste og der og sjølvsagt Stall Gryta. Var litt stolt er trossalt det største hestebladet som er her i landet.

Ponniane er litt vekk prioritert no pga klargjering til lamming. Berre en mnd igjen til lamming. Temmelig sikker på at det kjem et lite føll og om to mnders tid. Hadde vert kjempekoselig å få i hvertfall et føll i år og.

Er så glad i alle ponniane. Og drømmer om å bygge en koselig ponnistall med tida. Må bare få litt bedre økonomi før den tid. Så dagens staller får duge enno nokre år.

Mandag. 28.Februar.

Har hat ei kjempefin helg i Sandefjord med familien. Reiste til Sandefjord torsdag. Var bortom parkeringsplassen til AEG og såg hester og fancy hestebiler. Hadde ikkje tid og råd til å gå på AEG ei heller helt lyst. Fikk nok av å se hester som rista nevrotisk på hodet når bittet skar i munnen. Er blitt veldig kritisk til alt av jern som blir brukt på hester enten det er sko eller bitt. Spiste god middag på Big Horn. Og var på westernbutikk å shoppa og spiste lunsj.

Lørdag var vi til Langesund på besøk. Stakk bortom Stutteri Ødegaarden på veien til Langesund. 😙Så flotte ponnier på Stutteri Ødegaarden og så hyggelig vertskap. Takk for titten i snødrivet til Inger. 🙂 Ingen tvil om at Inger er minst like ponnigal som meg.

God middag og kaker og snop og litt øl og vin vart det og desse dagane. Kan bare takke alle for ei kjempetrivelig helg. Fikk lada batteria skikkelig. Og det trengte vi.

I dag var det i gang med kvardagen igjen. Verka Prins Mars og Beatrix. Alle sauer og ponnier var i fin form og det var godt å sjå dei att. Er blitt store dei som snart skal lamme.

Onsdag. 23.Februar.

I dag var Mariann med på garden og pussa alle hestane på stallen. Mariann er snill og flink med hestane så det var heilt supert.

Trena litt med Betty og vogn. Betty tok vogntilvenninga veldig fint.

Søndag. 20.Februar.

I dag var guttane på ski. Og vi jentene kosa oss i sola med vårstemning på "godset".

Alle dyra virker å trives med det kalde tørre veret. Såg til og hilsa på alle dyra.

Fredag. 17.Februar.

Leverte Count og Vladimir og Knerten i dag. Vemodig å måtte levere de. Knerten og Vladimir og Count hadde ikkje blitt levert om det ikkje var for stunging i utide. Stakkars godværane. 

Onsdag. 16.Februar.

Har vert flink å klipt masse orebuskas i beitet. Fint ver så en fn aktivitet.

Fredag. 11.Februar.

God tømmekøyringsøkt med Gaia. Gaia er berre så flink og snill.

Sunniva og Betty vart og leia litt. Sunniva eksemplarisk og Betty ikkje fult så eksemplarisk.

Torsdag. 10.Februar.

Hestegjengen er mildt sagt korthåra i vinter i forhold til vanligvis om vinteren. La plutselig merke til at pelsen er mykje kortere no en til vanlig. Sunniva held på å røyte for fult. Klarer ikkje å si sikkert om Sunniva venter føll eller ikkje. Ganske spennende.

Blir nok ingen bedekkinger i år. Har ikkje økomnomi til det og planen er no å ikkje bedekke på nokre år så passer i grunner bra.

Funderer sånn på ka eg skal satse på videre. Eg kan ikkje ha så mykje sau som nå om ryggen ikkje blir bra. Og lite tyder på at ryggen kjem til å tåle rundballeforriving og verking av hover. Fantaserer om stall med ti bokser og litt avl og litt temming av unghester, 30 vf sauer, 5 dexter kyr som kalver, to eselhopper, fire katter og fire høner som legg egg. Eneste aberet i den fantasien er noke som heiter økonomi. Har kommet en lang vei på å forbedre økonomien samtidig virker det umulig å sitte igjen med overskudd på gård når en har lån. Æsj det er så ergerlig. Kunne godt vert et trivsels tilskudd på noken tusen for kvar hest en har.

Leser om dyrekommunikasjon, hestetrening, naturfotograf og forfatter for tida. Er det som kunne vere alternativ til å vere heiltidsbonde. Har ikkje heilt lyst til noke av delene. Æsj det er bare ergerlig å måtte vurdere å gjøre noke annet.

Har en fin fin jobb som bonde. Om bare ryggen hadde vert litt mindre vond rygg alltid. Merker godt no nokre dager med mindre belastning at det ikkje er så smertefult. Med en gang belastninga er der er smertene og det.

Irriterer meg over meg fordi eg ikkje klarer å fokusere på at det snart er lamming og beitesesong. I steden gruer eg meg til kveps, flått, mygg, orm, svetting og alt annet som sommeren fører med. Eg gleder meg sjølvsagt til å kose meg med dyra på beitet og ha litt mere balanserte dager til sommaren. Har liksom ikkje noke oversikt over mål og ambisjoner for tida. Må bare gruble og fundere. Om noken har gode ideer og forslag er det berre å komme med dei.

Så til relevante og hyggelige ting. Var på spaser tur med betty og chess i går. Rei litt på chess og leia betty litt med rytter på turen. Var skikkelig deilig å prate og surre og se dyrespor og natur igjen.

Henta og sagflis i sauetilhengeren. Går noko flis for tida.

Lørdag. 05.Februar.

Har ikkje vert i nærleiken av stallukt i dag. Heilt rart.

Har i steden vert sosial med familien og redigert litt på websida. Mere info om en del sauer og endra design på nokre sider.

Fredag. 04.Februar.

For et mildt sagt elendig ver. I dag har det sludda, regna, hagla og vert full storm.

Bare dulla litt med hestene i dag og fora sauene på beitet. Var ikkje ver til stort annet.

Onsdag. 02.Januar.

Var på fysio i dag. Spent på om fysio fører til noke bedring.

No er all sauetalle tatt. Så nå skal sauer sorteres i alle binger.

Mandag. 31.Januar.

Kor tida flyg avsted. Praktikantane er komne på plass. Og praktikantane har alt spadd mykje talle. Og ellers er det fortsatt is til plage for alt og alle på mange plassar.

Hadde et tett rør i fjøsen som måtte fikses i prosessen vart det oversvømmelse i salrommet og mykje styr. No i kveld er det noke trøbbel med noke annet. Alltid er det noke styr på gården. Og ikkje så lett å drive gård når en skal ta hensyn til alt og alle rundt og er totalt avhengig av en haug med dugnads assistenter til det meste.

Har av og til mest lyst å bare drite i å vere bonde og bare se ka annet der er å finne på. Samtidig kan eg aldri gi slipp på det å få vere med dyra på heiltid. Dyra er en fantastisk motivasjonsfaktor. Hadde aldri med i planen å bli bonde for fult og kanskje med tida det går å ha litt mindre arbeid og mere kos på garden.

No venter hvertfall over 80 sauer til lamming. Både plass og beite blir krevende å få til i år.

To mnder å samle energi på og få gjort alt der ikkje er tid til til vanlig. Og så er det seks veker med fult stress.

Hadde ei god tømmekøyringsøkt med Gaia i dag. Gaia er så flink atte.

Mandag. 24.Januar.

Er ikkje lett å få skrive noke her. Hadde akkurat skrive en lang tekst og så forsvant heile teksten.

Her går det i virus/influensa i dag. Har gått i virus/influensa nokre dager. I dag var det berre så ille at eg holdt meg i hus og reiste til lege og fikk kontrollert ka som var problemet. Takk for at det fins gode assistenter (gode venner) som trår til på gården når en stakkar er heilt ubrukelig på gården.

Scott holdt på å bli stanga ihjel forrige veke. Kom akkurat tidsnok til å berge Scott. Stakkar væren. Har aldri vert borti noke sånt før.

Har ellers vert på litt shettissider og lest litt i dag. Og det virker som eg ikkje er den einaste som føler meg litt aleine og sett på som rar i shettisverden. Tar nok meg litt for mykje nær av kritikk. Er bare at for hestefolk er det å få kritikk for hestehold eller hester som det er for vanlige folk å få kritikk for familie eller husdekorering. Det er personlig og det er sårande.

En annen ting er at det er oppdrettere som mener at en kun bør avle på topp premierte hingster og hopper. Flott idealisme for dei eg skal absolutt ikkje kritisere dei for å velge det. Eg meiner derimot at en god oppdretter er ein som har heilt standard hopper og hingster og gradvis forbedrer desse gjennom god avl. Eg meiner genvariasjon og bruksegenskaper er det viktigste i all avl.

Har nok vendt hesteverden litt vekk. Eg driter i ka andre meiner og gjør. Gjør mitt på min måte og tar vare på de gode ærlige hestefolka eg kjenner. For det fins masse solide reale hestefolk de er bare i mindretall.

Verdien for meg i å drive med hest er i den lause hesten på beitet som kan springe og kan gå vekk som velger å vere med meg fordi den har lyst. Og riding trengst det ikkje meire til en taugrime og hjelm. Treng ein meir har en ikkje spurt hesten pent nok. Riding er nemlig ikkje noke vi har krav på det er en gave fra hesten for godt stell og ærlig vennskap.

Mandag. 17.Januar.

Har ikkje skrive her på ei stund. Slit litt med dataen. Må skaffe en data til når økonomien blir litt bedre om to ukers tid. Og ellers alt som skaffes må som ikkje har vert økonomi til på ei stund.

Her er is overalt. Har strødd overalt og veiene tøyer. Likevel litt skummelt med iskanter rundt overalt. Regner så venter veldig på at alt skal bli bart igjen.

Laurdag. 01.Januar.

Nytt år, nye muligheter. Eller var det nytt år, nye sprø situasjoner osv.

Alltid skjer det et eller annet som gjør alt langt fra idyllisk her omkring. Og i dag blei en sånn stress dag om en det vart normalisert etter kvart. Skal vere lykkelig når våren igjen er her med grønt grass og tøya veier. Er så lei av snø, is, sørpe og regn. Og enda har det berre vert to dager med skikkelig teit ver. Er bare køyringa som er så adrenalinsk anstrengende når føret er enten blank is eller slaps. Tar en halvtime å køyre og fart er mellom 6 km/t og 40 km/t.

Er så klar for vår no. På absolutt alle måter.

Har sett n/l-hestane og eselet på stallen. Sånn at shettisene har god plass i lille stallen.

Søndag. 26.Desember.

Så var jula overstått. Var en koselig julaften og siden har det vert influensa og mere influensa. Ikkje særlig koseleg det. Men men ikkje noke å gjere med heller.

Har blitt skikkelig kaldt igjen og. Har ikkje bruk for all denne kulda. Men men er fint for dyra som slepp gjørme og regn. Og er no berre å ta på rikeleg med klær.

I morra reiser Tindra og Tor skal få bli med på veien. Litt rart at Tor og Tindra skal til samme sted. Stallen tømmes smått om senn og det er i grunnen bra. Har ingen overskudd til hest akkurat no. Så blir fint å ha så lite hester at eg har tid til kvar enkelt. Eg får ikkje til det der med flokk og la hest vere hest. Er ikkje min stil. Min stil er boks og kos og bruk og høy.

Her er det ekstremt med frostrøyk på fjorden no. Bare det ikkje blir dei meldte 19 til 20 kuldegradene.

Onsdag. 22.Desember.

Henta Pegasus fra beitet til stallen i dag. Må få verka hovane på Pegasus en av dagane.

Så var det julelunsj hos Anita sammen med Lena og Inger Elisabeth. Anita er som alltid en fantastisk vertinne som ordner det meste med to små barn og bondegård i tillegg. Koselig å samle venninegjengen no før jul. Er rart når vi samles går praten alltid som berre det samme kor lenge vi ikkje har sett kvarandre.

Etterpå var vi hos Per og Ingeborg. Ingeborg er og en super vertinne. Med huset fult av unger og nevøer og nieser er vi fult velkommen og kan kose oss sammen helt uformelt. Per er og bonde og det er nok litt travelt med så stor gård og full produksjon. Ser gleden i å vere liten bonde. Er deilig å kunne reise litt rundt på besøk og ikkje vere bunden av klokka. Og har alletiders avløyser no. Så det er litt luksus.

Har fått Praktikant og. Så om alt går i orden blir det Malwina og Praktikant to mnder. Må no komme litt ajour med hestetrening av unghester då. Og supert for Malwina og om vi er litt flere om alt.

Ellers reiser enno ei av hoppene fra garden. Det har vert en vanskelig avgjørelse å ta samtidig er eg sikker på at hoppa får det bra med avgjørelsen og eg får litt mindre dårlig samvit for ikkje å ha tid å sette i gang og ri og køyre ho.

Mandag. 20.Desember.

Har vert på julehandel i dag. Julehandel må også til i desse tider.

Satt Sunniva og Ronja på stallen. Sunniva var nok meir begeistra for å få komme på stallen enn Ronja.

 

Laurdag. 18.Desember.

Har sett alle hestane på utegang no. Er to utegang flokkar. NLane og Betty i en flokk og shettissane og Lydia i en flokk. Deilig å få en liten hestepause no når veret er heilt supert for hestane til å sleppe å stå på stallen.

Har køyrt masse rundballer rundt heile garden og. Så skal bli bra å få tid til litt andre ting og no en berre foring og møkking.

Fredag. 17.Desember.

I dag har vi levert Princess og Elektra til en kjempekoselig familie. Masse lykke til med Princess og Elektra. Litt vemodig. Og samtidig fint å levere flotte ponnier til hyggelige folk.

Ellers er det kaldt igjen. -8 her i området no igjen. Og skal bli enda kaldere. Er både fint og litt slitsomt.

Ponniene liker veret kjempegodt. Lydia er istoppdronning for tida. Lydia er så søt atte. Sauene og trivst godt.

Paringa er over omsider. Blir nok mange fine lamm.

Tirsdag. 14.Desember.

Har hat en kjempefin dag på gården i dag. Godt humør og alt gikk unna av arbeid. Datt på isen det var ikkje så gøy. Men men blått kne høyrer med til og med samme kne som fikk en trøkk i fjor på isen.

Har verdens mest gulliga ponnier. Har ikkje litt lyst å gi slipp på en eneste liten ponni pjusk. Har alle stallhestene på lufting på heile gården no. Luftegården er fleire cm is så absolutt ikkje brukende. Så deilig å bare plystre og så kjem alle springende. Veldig arbeidsbesparende.

Ronja og Chess virker litt bedre. Glad for det i allefall.

Princess og Electra er klare til eierbytte og. Blir rart å ikkje ha dei på stallen lenger.

Kommentarer

29.05.2013 10:55

Even

Hei. Har dere alle sauene deres under sida sau ?? Ser ikke alle dere skriver om her

02.11.2010 17:30

anni

såå mange fine ponier til salgs: ) spesielt Stjernens Mini Fairly og Grytas Pegasus, er det di på finn.no???

05.08.2012 10:49

rosi

eg synest pegasus e kjempe søt!<3

15.10.2010 18:03

Lene

eg elska katta vi har 2

20.08.2010 09:09

Anne

Gratulerer så mye med å ha fått høyet i hus og en fantastisk lammevekt.
Pass på å få hvilt litt også da Godt at noen står på. Ha en god helg!

04.09.2010 21:42

Dagmar

Takk. Takk. Å det kommer nok regndager og. Det er dager for å ta det lugnt.