Året 2011.
Året 2011.
Året 2011.
Vi hadde mykje mykje snø. Og frose vatn osv gjorde bondeyrket krevande. Heldigvis hadde vi to fantastiske praktikantar i to mnder i verste vinterstria så bondekona fekk skåne den vonde ryggen før lamminga sette i gang. Nesten 150 vakre og søte lamm vart det og eit vakkert og snilt føll. Grytas Denise. To toåringer avla her på stallen sto som kval I på kvar sitt unghestskue. Stor stas. Vår egen Grytas Betty fekk og sløyfe. Fiona derimot var akkurat et poeng eller to ifrå sløyfa i år så vi får prøve å komme sterkare attende neste år på den fronten. 11. Mai tok det til og regne og det har det i grunnen gjort siden den datoen. Det var så vidt vi fekk i hus nok høy til å fylle låven og høy lageret i vesle stallen. Bråsott/Pulpanyre var den store trusselen for sauehelsa i år. Mista for mange flotte sauer i alle aldre og lamm til trass for dobbel vaksinering. Mista ingen sauer eller lamm av andre årsaker så alt i alt ikkje det verste året. Likevel grusomt å stå maktelaus og måtte sjå på at dyra går bort sånn. Nokre hestar og ponniar har vore lånt vekk på sommaren. Og vi har vore så heldige å få leige Amandus frå Steinsrud i eit år som avlshingst og venter spent på to føll etter han neste år. Rundt 64 sauer venter og lamm. I 2011 ungikk vi berre så vidt katastrofe då Ronja datt i eit hol. Heldigvis berga vi Ronja i god behold og ho har saman med Chess og Gaia og Sunniva gitt ridejentene og oss andre mange fine stunder. Lammevektene var lågare en vanlig i år pga alt regnet og skjønt om resultatet vart bra vart det litt for mykje foring på lamm som burde holdt tidligare på sesongen. Sju flotte lamm vart kåra og derav to med 1.pr. og en med 2.pr. Vi har vore på litt små reiser rundt om i løpet av året og det er fint. Vi fekk oss ein ny liten stallkatt Teigen Hero. Og litt seinare fekk vi oss en ny dyreart. To flotte kviger som er koselige å ha på stallen. Flatlandsrosa som er telemarksfe og Litagod som er dølafe. Goldmund var på kanten av det som er mulig for en katt å stå over og berga i siste sekund etter å ha ete i seg noke etsande som vi enno ikkje veit kor han hadde funne eller kva det var. Heldigvis er han heilt bra igjen. Slåtten vart så som så. Mykje vete og seinare kråker som hakka hol i plasten og en latterlig håslått. Men men vi fekk no rundt 125 brukande rundballer. Litt for må vi få fat i ekstra likevel ikkje verre en at det skal gå bra. Likevel litt surt når vi hadde to ekstra attlegg i forhold til tidligare år. Eg har køyrt mykje traktor i år. Og eg er glad for at eg no klarer å bruke traktoren til mange av tinga som må gjerast på garden. Litt fleire nettinggarder er og komne på plass. Mannen har og dugnada litt og barnesikkert låverekkverk er komme på plass. Ellers var no både mannen og gutane med og budde på garden i lamminga noke som var veldig koselig. Heile garden er elkontrolert og etter alle kunstens reglar. Fint å ha det og i orden om en litt kostbart.
Orkanen " Dagmar" klarte på tampen av året å knuse sauekassen på tilhengeren til pinneved. En bagatell når mange andre mista både hus og veg i orkanen "Dagmar" sine herjinger.
Orkanen " Dagmar" klarte på tampen av året å knuse sauekassen på tilhengeren til pinneved. En bagatell når mange andre mista både hus og veg i orkanen "Dagmar" sine herjinger.
Nyeste kommentarer
dere har veldig søte hester
Belgium
7 føll gleder meg virkelig. Blir veldig spennande:)
Hei det var en veldig fin hest. Hvor bor dere?