2. nov, 2022

02.November 2022.

Er vist litt sløv til å skrive her. Flinkere på Facebook og Instagram.

Var på føllskue i helga med heile gjengen.

Constantin fikk 2.kval i ei flott shetlandsponni hingsteføll gruppe med poenga 8,5-8-8-7,5-8.

Amandus fikk 7-7,5-7,5-7-7.

Speedy fikk 8-8-7-7-7,5.

Vikka fikk 7-7-7-7-7.

Nilus fikk 7,5-7,5-8-8-7,5.

Godt fornøgd med snille og tolmodige føll. ❤️❤️

I løpet av sommaren har vi solgt Scootaloo, Marika, Prima og Satin og det virker som dei har fått gode og snille eigarar alle sammen. Solveig er med mor si til ho er avvent til våren. Så Kjem Solveig tilbake hit.

I august var vi på hoppeskue i Stryn.

Prima fikk 3.pr. med poenga 8-7-8-7-7,5.

Amanda fikk 2.pr. kval I med poenga 8-8-8-7,5-8. Vart nr. 2 i konkurransen om dagens hest. 

Amandus vart kåra til beste føll på skuet.

Og Viktoria vart kåra til beste mønstrar.

Viktoria gjer ein kjempejobb med trening og vising av hestar og ponniar. ❤️❤️

5. feb, 2019

Tirsdag. 05.Februar.

Hadde skrive det lange innlegget til nyttår og ramsa opp alle årets happenings. Og så sletta det seg sjøl da eg skulle laste opp bilde. Så vart litt lei mildt sagt og har styrt unna gardsbloggen sidan. 

Men men no har sinnet roa seg og siden eg har gode assistenter som tar fjøsstellet kan eg sitte i sofaen og oppdatere gardsbloggen litt. 

2018 var det vi kan kalle eit drittår på mange måter. Mista så mange kjente og kjære av folk og dyr. Toppen av kransekaka var når Gullros forulykka og strauk med rett før jul. Eg var både sjokka og trist og lei og makteslaus på samme tid.Gullros var ei av yndliskyrne mine og eg ville gjort alt eg kunne for å holde ho trygg. Ho klarte på uforklarleg vis å gå gjennom isen på en liten damm som er på beitet deira med frambeina og hadde frose ihel i løpet av natta. Ca tjue meter fra soverommet vårt. Ikkje eit raut heile natta. Hadde eg vist hadde eg kunne berga ho. Så meiningslaust og tragisk. Og og ironisk at dei klarer seg fint på fjellet med myr og stup og urer og elver. Derimot på flatmark rundt husa klarer dei seg ikkje. Så 2018 var eit år det var godt å få avslutta.

Blanke ark og fargestifter for 2019. Så langt i 2019 har helsa vore topp prioritet. MR viste to prolapser og slitasjegikt i ryggen. Så det er vel berre å insjå at eg må få rasjonalisert drifta for å unngå overbelastninger. Det betyr å reduserer frå rundt 250 dyr som vi har no til omtrent det halve. Sikkert fornuftig det og. Berre korleis skal ein redusere på sauene som er som nære venner alle sammen. ?? Det hadde vore ein draum om det dukka opp ein eller fleire som ville ha seg en flokk sauer berre for beitepuss og kos. 🙂

Sambuaren har sagt frå seg drosjeløyva. Og både sambuaren og vi andre kjenner på ei lette å få sleppe ansvaret og organiseringa drosjeløyva hadde med seg.

Eg driv å styrer med å få klar ein liten gardsbutikk der vi kan selje gardsprodukt, kunst, suvenirer og litt loppis frå sommaren av. Det skal bli spennande.

Ellers går det mykje i ull. Finne videreforedlingspotensiale for ulla og samarbeidspartnerar som vil videreforedle ulla. Sauehaldet skal over på sau kun for beitepuss og ull. Ikkje meir kjøttproduksjon her. Det kjennes som ei enorm lette å ha tatt det valget. Eg elskar sauene mine og kvar og ein er som ein nær venn. Då kjennes det heilt feil å sende noken til slakt. Så det gler eg meg til å sleppe haustar med grining og dårlig samvit når ein må velge kva sauer som må til slakt. ❤❤

Eg har ingenting imot at andre bønder driv vanlig produksjon. For meg er berre tida kommen for å følge hjartet. Eg har allereie mista produksjonstilskotet på sau fordi eg ikkje produserer nok kjøtt. Ein skal vist slakte eit lamm per voksen sau. Og enda eg berre søkte på dei sauene som hadde lam måtte antall slakt delast på alle voksne sauer i flokken. Trass i overproduksjon på kjøtt her til lands. Litt ironisk. Og og litt rart å straffe bønder som tenker nytt og innovativt. Så økonomien er litt utfordrande får en sei. Men men av og til må ein ta den kronglete vegen for å nå målet.

Eg har tenkt å produsere veganer ull. Ull frå sauer som får leve for sin egen verdi og som produserer fantastisk flott og miljøvennlig ull som biprodukt fordi dei blir klipt for sitt eget velvære. På verdsbasis er ethical wool allereie et begrep. Og på samme tid pleier dei kulturlandsskapet og gjer grobunn for ein masse planter og dyr som treng beitemark for å trivast. Og god mental terapi og kos til bonden og andre som er innom garden. 

 

29. jun, 2018

Fredag. 29.Juni.

Mange tanker og veival for vegen vidare. Fått ein solid bekreftelse på at kjøtproduksjon hvertfall ikkje er vegen å gå. Dagens regjering vil berre ha meir og meir kjøt produsert per sau i eit marked med overproduksjon på sauekjøt. Kva fortel det oss.?? Dei prøver å få vekk dei små bøndene.....

Ellers går det bra på garden. Gode hjelparar gjer at drifta går sin gang. :)

Kyrne trivast i utmarka og på fjellet. Godt å sjå stølen bli beita igjen. Medan sauene har litt meir konkurranse om å finne nye måter å komme seg gjennom gjerder og attende til bøen skjønt om det bugner i gras i utmarka og fjellet. Fleire tusen mål har dei å boltre seg på. 

Geitene, eller kanskje mest vi, venter på Nofence klavane sine. Unggeitene er for spretne og fer over gjerdet medan kjea står att. Frederik vart kastrert her om dagen for å kunne vere med flokken året rundt. Og Laila burde snart kjee. Så når Nofence klavane kjem og dei har lært kor dei fungerer (vi og for såvidt) er det fjellet neste. Mykje meir geitesnadder der.

Hestane har det og fint i sine flokker. Rainbow er slept med Denise og Esmeralda for føll 2019 og Partymann er med på morroa. Unghingstane må snart bytte beite sidan dei er forfulgt av grådige sauer som bryt seg inn på beita deira og et opp all maten. Då får vi sleppe unghingstane på sauebeitet der det bugner av mat. Forstå logikken den som kan.

15. jun, 2018

Fredag. 15.Juni.

Sit her med bronkitt og dermed sjølpålagt husarrest i regnstormen som herjer ute. Så då er der litt tid til å oppdatere sida. Vi har komt oss gjennom føllinga og lamminga med godt resultat. Tre flotte shetlandsponniføll, en hingst, og to hopper. Og 47 flotte lamm her og 4 på nabogarden. Ein flokk sauer med lamm er solgt og dermed ei ny besetning med grå trøndersau i gang. :) Og 5 gjerdesniksauer er sendt til slakt.

Vi har hat den tørraste forsommaren i mans minne. Men men flotte rundballer er hausta og og litt tørrhøy. Trass i at slåmaskina gjekk i streik midt i beste tørkeværet. Så bonden vart tvungen til å bade og slappe av i staden. Kroppen syns nok det var heilt ok. ;)

Vi er midt i kjeing og kalving. Til no har vi fått fire flotte halv boerkje og to geiter att å kjee. Og ein kvige og ein oksekalv har vi fått. Er sju kyr att å kalve utover sommaren. Sidan vi hadde okse med dei er dato litt vanskelig å seie. Så dei må vurderast frå dag til dag.

Ryggen legg store begrensinger på bondeaktiviteten og eg er takknemlig for god hjelp frå både praktikantar og familie. Det er litt krevande å akseptere at alt går litt treigare enn vanlig og at ein del ting ikkje går å gjere fordi ryggen ikkje tåler belastninga. Men men det gjeld å fokusere på løysinger og ikkje problem. Og le av det som en kunne bli frustrert av. :)

To hester reiste til nye eigarar og nye eventyr i går. Alltid litt vemodig samtidig godt å få dei avgårde til gode plassar. Kan ikkje avle om ein ikkje sel. Og uten føll på gården om våren hadde det vorte stussleg.

Brumma hadde besøk av avlshingsten Svarvar Flott så der blir det kanskje et nlføll 2019. Og Larina er hos Lunner Gråen for føll 2019. Måtte det berre bli match denne gangen. Hadde vore stas med fjordhestføll. 

11. mar, 2018

Lørdag 11.Mars.

Vekevis med nydelig kaldt vinterver har vi hat. Det setter både folk og dyr pris på. 🙂

Dei drektige sauene er komne i fjøsen og halvparten av fjorlamma er komne på bøen i staden. Snart er det klipping og så lamming om en god mnd. 🙂 

Connie er kommen til gards og. Connie er etter ei hoppe vi solgte med føllavtale så har stått vekke no til ho var gammal nok for avvenning. Ho er integrert i ponnihoppeflokken. Og ei vakker og snill lita hoppe. 🙂 

Ellers har vi mange småprosjekt på gang. Så det burde bli nok å gjere på i vår. Glad for gode assistenter som er med og tar dei tunge taka. Så eg kan få gjort alt annet. 

🙂