Torsdag. 02.Februar.
Sauene og hestane er i det minste nøgde med veret. I dagens drøvtyggepause mellom foringane gikk fleire av sauene ut for å la seg snøe ned medan dei låg og hjorta.
Mandag. 30.Januar.
Alle dyra trivest godt med fin veret. Godt for humøret og klauver/hover og ull/pels. 🙂
Torsdag. 26.Januar.
Ellers har det blese noke heilt ekstremt i dag. Var litt nifst å gå i fjøsen og fore når foret bles avgårde og dørene smalt igjen. 🤪
Har fått litt høyensilasje og no. Spent på kvaliteten og kor tørt det er. 🙂
Ellers går alt sin vandte gang. Og godt er no det. 😉
Søndag. 22.Januar.
Holdt på å virkelig skade meg stygt i dag. Eg skulle berre få siste trillebåra med rundballefor i fjøsen sklei på isen og vrei ryggen stygt. Ikkje godt heldigvis ikkje gjort til at ryggskaden gjer ilt. Eg må skaffe brodder is er definitivt noke drit.
Onsdag. 04.Januar.
Og vips gikk ryggen i streik igjen. Etter et paar veker med nesten normal rygg kom smertene tilbake med dobbel kraft. Vanskelig å forholde seg til sånt. Og fryktelig fryktelig irriterande. 😠
Ellers er eg mitt vanlige vimsete eg og gikk tilbake på byttinga av Gaia mot shettiser heilt på tampen. Er og blir for glad i Gaia og dei andre hestane til å gi dei fra meg.🤔
Fortsatt i idemyldrings fasen for vidare drift på Stall Gryta. Kva er lønsomt og fornuftig med dagens helsestatus er hovedtråden i alt.
Ellers har alle det bra og er friske og raske. Og godt er det.
Traktoren har veldig lyst på en overhaling på en 6000 til 8000 og eg har veldig lyst å kjøpe en ponnihingst som er til salgs. Trur nok både eg og traktoren må smøre oss med tålmodighet. 😉
Fredag. 23.Desember.
Ellers går alt sin vandte gang. Sauer og hester et og skit og vi forer og møkker.
Juletreet frå egen skog (veldig viktig) er komme i hus, ribbene ligg i vatn, pepperkakene er baka og gåver og kort er levert. Då er det berre å stelle alle litt ekstra godt i morgon. Og hugse nissegrauten er og veldig viktig.
God Jul alle sammen. Og ta vare på kvarandre.
Mandag. 12.Desember.
Plutselig vart interessen for hestetrading litt vekket igjen. Og det resulterer i at Gaia blir bytta i to nydelige shetlandsponnier i 2012. Er kjempespent. Blir rart uten Gaia samtidig godt for ho å komme til noken der ho blir brukt og får meir merksemd en her. Og spennande med to shettiser til i flokken. Den eine kjenner vi alt litt. Og den andre gleder vi oss til å bli kjendt med. 🙂
Heilt merkelig at vi om nokre få veker skriv 2012. Tida flyg nær sagt. 😎
Ellers er det såpeglatt overalt rundt stall og beiter no. Snø med regn på er dårleg kombinasjon. Deilig å få litt manneassistanse med rundballekøyring og brøyting og strøing og faktisk henting av kattemat i dag. Traktor og is er eg ikkje heilt klar for uten kjetting skjønt om eg har traktor med firehjulstrekk. 😙
Mandag. 05.Desember.
Alle sauene er og para no. Har berre para eit lamm i år. Det får vere nok. Og pensjonisten er sjølvsagt ikkje para.
Har pusla litt med hestane i dag. For en herleg gjeng ponniar.
Ellers er no det blitt litt julete her og. Skjønt om vi ikkje er komt litt i gang med julepakkar osv.
Torsdag. 01.Desember.
Carmen hadde skada auget i går så det var heilt fult i pus og ho hadde et lite kutt på augeloket og i augekroken. Heldigvis var auget til Carmen mykje betre i dag lurer på ka ho har skada seg på om det er noken som har bete etter ho eller ho har dunka borti noke.
Brigg har vore litt pjusk og ikkje i form ei stund. Så no har Brigg fått egen binge og virker meget fornøgd med det.
Det går på babyolje for tida. Viser seg at for å bli kvitt denne hersens regneksemen vi har slitt med nokre år er det berre å tilsette litt babyolje i pelsen og vips er heile regneksemen vekke på nokre dagar. Er heilt imponert over at det går an. Egentlig logisk at med så mykje regn blir det for lite fett i håret likevel ikkje logisk nok til at vi har klart å komme på å prøve det før.
Rekkverket på låvebrua er og komme på plass. Og det vart kjempestilig. Godt med litt mannleg assistanse av og til. Malinga tok vi på dugnad.
Goldmund er heilt bra igjen no. Så deilig å sjå Goldmund leike og ete som normalt.
Tirsdag. 29.November.
Her om dagen var det full flomm i boksane i fjøsen. Kvigene hadde gnagd av vassrøyret til drikkekaret og det spruta vatn overalt. Dermed fekk dei seg en fin dag på lufting i eine luftegarden. No er vassrøyret beskytta med ei flott blekkplate som nok ikkje er så lett å knaske i seg.
Søndag. 20.November.
Hingstane er komne på stallen. Skikkelig gode teddypjusker no. 🙂
Onsdag. 16.November.
Ka som skjer med sauene neste høst må gudene vite. Burde nok egentlig bare gitt opp sauene denne høsten. Er temmelig bekymra for vinteren. Har ikkje lyst å bli sjukmeldt heller hadde aldri klart å overlate ansvaret for dyra mine til noken andre for å vere sjukmeldt over lengre tid. 😙
Hingstane skal hvertfall få vere her til de har fått blitt vist til kåring om et år. Drømmen om å avle på egen avla hingster med egenavla hopper kan derimot virke som kommer til å forsvinne i det blå.
Ellers går det no bra er ikkje meininga å syte. Vi har fått klipt alle sauene som skulle klippast og hovtrimminga er i rute. (Litt smertestillende en halvtime time før trimming og det funker så fint så). 😎 En del sauer er alt para så det blir nok litt lamm denne sesongen og.
Torsdag. 10. November.
Har malt en god del av plankane til rekkverka på låvebrua. Har igjen en liten haug med småfjøler som må malast skal bli godt å ha i orden rekkverket på låvebrua og en god bonus at det blir fint i steden for vekkbøgde metallrør.
Ellers er rundballeforinga i full gang med strenge restriksjoner for å drøye foret mest mulig. Er blitt kjempeflink til å sette rundballane på høgkant no.
Ellers nyt vi at det faktisk er nokre dagar med finver no. Trengde litt finver no etterkvart.
Laurdag. 05.November.
Har klipt seksten spælsauer.
Ellers er det travle dager. I dag var ryggen heilt sprø hadde fire totale sammenbrudd. Virker som ryggen kan tvinge meg til å seriøst vurdere andre yrker en bonde. Ikkje gøy.
Har reparert ei dør og bytta hengsler og ordna lås i dag. Og sikring av låvebrua er i full gang.
Ellers er det no regn og litt surt igjen. Overkommelig når vi får en og annan soldag mellom bygene.
Fredag. 28.Oktober.
Var to av avlsværlamma som flytta til andre besetninger i dag. Så får vi tru dei har lykke med dei. 🙂
Dei sju utegangsponniane var alle i stallen i kveld. Så dei har hvertfall god plass ingen krangling eller noke nesten litt imponerande. 😎
Var å prata med hingstane. Er på tide å få hingstane på stallen og no. 😙
Onsdag. 26.Oktober.
Ellers har vi sortert slaktelamma. Merka og gjort klar slaktelamma til i morgon. Hater å sende dyr til slakt. Føler meg som den svikefulle foræderen når eg sender dyr til slakt.
Ellers redda dei to med damene mine ei lita mus. Grisabella kom så stolt med ei mus ho hadde fanga. Dessverre leika Grisabella med den og styra på. Så då fant dei to damene på at vi måtte redde den og det gjorde vi og slapp den i et lite skogholt. Masse forskjellig på en gard gitt. Her er alle beskytta mot å bli spist til tider.
Eine døra må reparerast. Har sikkert blese laus i vinden hvertfall var eine hengsla knekt av så må få fatt i ei hengsle til å bytte.
Mandag. 24.Oktober.
Torsdag. 20.Oktober.
Sette i hus foringslamma i går. Og fire av utegangshoppene i dag. Skal ta hover og då er det fint med varme og tørre hester. Er litt våte og kalde ellers for tida. Er meldt fint ver neste veke og det trengst verkeleg no. Kald sludd og regn er ikkje akkurat stas. 🤨
To av dei kåra værlamma er henta. Og dei andre blir nok henta i dei to neste vekene. 🙂
Sette og i hus to vaksne sauer i dag. En fordi ho er litt gammal og treng tid og plass å ete og en fordi ho hoppa over gjerdet og sprang etter oss i fjøsen. 😎
Onsdag. 12.Oktober.
Drill er bare kult. En kan få gjort mykje og effektivt berre en har en drill å låne.
I tillegg har vi ordna og flytta litt på sauebeitene. Er ikkje så mykje beite att no.
Det har vert nokelunde fint ver. Så alle har brukt det best mulig.
Tysdag. 11.Oktober.
Ellers var eg sta og såg til hestane. Eg måtte gå til dei berre to kom til stallen. Hadde med to posar brød så vart veldig populær. Bine og Ronja kosa seg med tørrhøy i tørr fin stall med flis. Bine og Ronja virka veldig nøgde med det. Hestane var våte av alt regnet og likevel i supert humør.
Mandag. 10.Oktober.
Hestane var i ly i skogen. Kom til ein lysning litt for å beite og gikk så i skogen igjen forståelig nok.
Føllet gikk med dekken i dag. Skjønt om dekkenet er bittelite var det i største laget for føllet.
Fått møkka og kosta en boks og en binge. Og møkka og hat i flis i utegangsstallen og tatt vekk sperringa i utegangsstallen sånn at det er bedre plass.
Søndag. 09.Oktober.
Ronja er en klok hest. I heile dag medan det har hølja som besatt har Ronja stått i utegangsstallen og gumla høy. Resten av flokken er i beitet og har søkt ly der. Sikkert heilt fint det og likevel koselig å sjå en hest som velger stall og høy en sånn dag.
Fanga et suffolk værlamm som hadde snike seg til å gå med søyene. Var iskaldt å leie suffolkværlammet den lille biten frå beitet til fjøsen.
Har skaffa alt av nødvendig materiale til bygging av dør til brønnhuset. Trengst ei dør så en slepp bruke varmeovn heile tida når det er kaldt for at vatnet ikkje skal fryse.
Tirsdag. 04. Oktober.
No e alle værlamma komt i hus. Må komme igang og klippe neste veke. Skal berre klippe spælane og værane og værlamma og søyelamma. Crossbreddane skal få ha heilårsull.
Prøvde å hente en flokk sauer frå lyngheibeitet. Fant mesteparten av flokken resten får vere til i morgon.
Regnar og bles voldsomt. Kan godt blåse og regne litt mindre berre det ikkje blir snø og is.
Laurdag. 01.Oktober.
Heldigvis er det beite enno og berre foringslamma, kvigene, to ponnier og kattane vert fora enno. Måtte berre beite holde en mnd til så er mykje lettare med tanke på at foret skal halde til fjøssesongen.
Søndag. 25.September.
Hadde med tre svartfjes værlamm. Et vart ikkje kåra pga dårlige klauver fekk 7-5-8-7. Et vart kåra med 9-7-8-9. Et fekk sløyfe og 1.pr. med 9-8-9-9.
Hadde med et grå trønder værlamm. Det vart kåra fekk sløyfe og 1.pr. med 9-9-8-9.
Hadde med fire gammelnorsk spæl værlamm. Dei vart alle kåra. Et fekk 8-7-7-7-7 og vart kåra. Et fekk 8-9-9-9-8 og vart kåra. Et fekk 9-8-9-9-9 vart kåra og fekk sløyfe og nr fire i rasen. Et fekk 9-9-9-9-9 og 2.pr. i rasen.
Så absolutt et vellykka arrangemang og en fin dag i Little Høydalen for oss. Så gjenstår det å sjå om der er avlsbesetninger som er interessert i desse kvalitetslamma er alt litt etterspørsel.
Fredag. 23. September.
Ellers er det vått og kaldt og ufyseleg. Sunniva er drit sur for at ho og Denise må stå på stallen når det regner. Heldigvis er det meldt fint ver i neste veke en gang. Er egentlig fornøgd med det meste av ver så lenge det ikkje blir snø og is likevel foretrekkes sol og litt varme ei stund no.
Mandag. 19.September.
Defloka mana til Beatrix og Lollie. Var virkelig bare floker no. 😎
Kontrollvegde nokre foringslamm og. Hadde vokse frå to til tolv kilo på nokre få veker. 🙂
Røska laus hundre meter med fastgrodde elgjerdenett. Fysj og fysj kor slitsomt og tidkrevande. Berre et nett att. Og det får vente litt før vi går i gang med det det var om mulig endå meir fastgrodd. 😙
Fredag. 16.September.
Onsdag. 14. September.
Mandag. 12.September.
Herlig med nokre dager ferie. I ferien har vi vore på Dyrskun i Seljord og Transportmesse i Lillestrømm. Vi har vore på besetningsbesøk i Tessungdalen med Grå Trønderlaget og sett masse flotte grå trønder sauer. Og vore på et flott hotell på Skinnarbu med fantastisk god mat. Vi har sett Gaustadtoppen og Rjukan. Og vert på flott hotell på Runway Gardermoen. Og sett masse flott natur frå Uvdal og rundt omkring. Var litt skuffa over lite dyr på Dyrskun. Men men fekk sjå tre shettishopper få 1.pr. på Dyrskun. Har aldri sett shettishoppe få 1.pr. før noken plass.
To flotte kviger er komne til gards. Dølafekviga Litago og telemarksfekviga Flatlandsrosa. Begge er avhorna og kjempefine. Snille og lette å ha med å gjere.
Fekk oppgjer for lamma og sauene. Gode klasser derimot litt for lite vekt på for mange. Svært ulogisk når slakteprosenten ikkje held mål. Men men må berre bli endå strengare med vurdering før sending.
Ellers haustast det verkeleg no. Hadde vore fint med en lang haust så det går å spare litt for.
Fredag. 02.September.
Så fikk vi sleie hå slått. Heile 17 baller vart det. Ikkje mykje å skryte av men men er glad for alle baller vi berger i året då sommaren aldri kom hvertfall vart det mykje mindre sommar en vanleg.
Har sendt 30 lamm og 27 sauer. Trist og samtidig nødvendig.
Sortert alt av sauer og lamm. Så no er det en mnds foring på dei mellomstore lamma og så ei pulje til med lamm som skal sendast.
Er kommen på et sauetal på 65 sauer og rundt 25 lamm til vinteren. Og ryggen tilseier 20 sauer og lamm. Så det blir en spennande vinter. Må få ei løysing på ryggproblema. Mindre slit og evt omskulering er nok det einaste realistiske.
Vaksinerte hester og katt og lamm her om dagen. Har fått oss en søt grå stallkatt med lang pels. Kattunge på to mnder. Spent på om det kjem til å gå bra med denne katten og dei to gardskattane som alt er her så langt fungerer det heldigvis hvertfall bra.
Hadde et lamm som vart merkelig dårlig. En eller an slags forgiftning og heldigvis er lammet mykje bedre att.
Fredag. 26. August.
Ellers har Blesi reist så Amandus er litt skuffa over det. Blesi er kontrollert og konstatert drektig med Amandus. 🙂😎
Onsdag. 17. August.
Har kasta masse gammelt skrap. Ikkje noke av det var mitt................. En gård tiltrekker vist gammelt skrap. SÅÅÅÅÅ masse lagringsplass altså.
Og en sau med tre lamm hadde vert på tokt og spist blomsterknopper på fleire fine blomsterbusker hos ei nabodame til gården. Så unødvendig og irriterende. No har vi dobbelt sikra gjerdet. Og stengt ei grind som sto å vidt gap så sauen berre kunne gå gjennom hos en nabo. Blir litt lei meg når sauene gjør sånne idiotiske sprell. Og lei meg på sauene sine vegne når dei blir sånne gjerdesnoker for då er det umulig å ha dei.
Hingstane veks og trivast. Og hoppene blir og flottare for kvar dag. Ikkje lenge til vinterpelsen kjem no. Så eg må nyte dei fine blanke pelsane kvar dag til vinterpelsen overtek.
Søndag. 07.August.
Er etterkvart blitt temmelig ekstrem i holdningane om at dyr fortener respekt og forståing. Blir sjokka over kor lite vanlige folk forstår dyr i det heile. Og endå meir sjokka over bønder og hestefolk som har drive med dyr i årevis som ikkje forstår at dyr skal behandles på heilt andre måter en dei ofte blir. Trudde det hadde skjedd ein revolusjon i så måte. Det har det absolut ikkje.
Har veldig lyst å kunne drive med ei slags kursvirksemd på sikt og bringe folk og dyr nærare kvarandre. Å skape ei elementær forståing for dyrs behov og kjensler.
Ellers er eine grå trønder gimra dårlig i dag. Håper håper håper håper at grå trønder gimra blir bra att.
Laurdag. 30.Juli.
Fekk i hus sju svansar med tørrhøy. Låven fylles.
Hadde fotoshoot og kosa masse med Silje. Silje e berre så stilig på fotoshooten.
Knipsa og litt ponnier i går. Fikk knipsa noken flotte ponnimotiv.
Torsdag. 28.Juli.
Evita reiste attende til eigarane etter nokre veker med hingsten i går. Evita er en absolutt snill og fin hest.
Chess og Betty er tilbake med hoppeflokken etter ti veker sammen med hingsten. Er deilig å ha hoppeflokken samla igjen. Berre Lydia som enno ikkje er tilbake i flokken. Lydia går med Amandus og Blesi.
Sauene veks og trivast. Rart att det berre er en mnd igjen til veging og deretter sending av dei vi ikkje skal ha videre. Ei vanskelig tid som er i vente. Dessverre høyrer det med til saueavl.
Mandag. 25.Juli.
Torsdag. 21.Juli.
Behandla værlammet til Tone mot sjodogg i forigårs. Værlammet til Tone virker hvertfall bedre.
Ellers har det vert ei lita jente og ridd på Ronja i dag. Og to voksne fikk prøve å ri litt på Gaia. Viktoria fikk ri heile bakken frå bana til beitet på Ronja og det gikk veldig bra. Og så måtte Viktoria sjølvsagt sitte på Gaia.
Hestebanden var ei runde på rømmen. Heile elgjerdet var røska av pålane et godt stykke. Berre Fiona og Carmen var at på beitet. Så måtte hente Fiona og Carmen etter resten av flokken.
Har gitt snyltermiddel og flåttemiddel til nokre av sauene no i to dager. Og no står verking av hover på mange ponnier på lista av gjeremål.
Ellers går det i hesjing og gras slått. Må få full låven med tørrhøy.
Søndag. 17.Juli.
Avløysarane har hesja to fulle heser. Fint å få to fulle heser. Og flinke avløysarar og. Då går det å vere vekke litt.
Har smakt thai mat. Thai mat er kjempe deilig berre.
Og full trimm i dag. Ponnier på motbakke i høgt tempo/ eigar treng vist å trimme kondisen.
Tirsdag. 05.Juli.
Fikk en trist beskjed i går. Et av dei søtaste fine grå trønder simpelamma låg daud på beitet. Ingen grunn det fine lammet Grytas Nice Friend som var et som definitivt skulle påsettast kunne daue. R.I.P lille Grytas Nice Friend.
Ellers er det vanskelig å stake veien videre. Har lyst å lære meir om masse. Har lyst å drive med hest. Og har lyst å vere funksjonelt brukande.
Er fint ver og vi har bada i dag. Vi har bada på ei bittelita fin sandstrand så har vertfall brukt finveret.
Tirsdag.28.Juni.
Har fått tilbud om å kjøpe tilbake Maia. Frister veldig siden Maia er einaste rødpass føllet til Ronja. Hadde vert fint å ha ei hoppe direkte etter Ronja. Må i så fall selge Gaia for å skaffe kapital. Frister ikkje heilt det heller for Gaia er og blir en topp hest på alle måter. Kan samtidig ikkje ha fire nlhester heller. Då må eg evt finne på noke veldig smart som å vinne nokre mill i lotto.
Treng en rådgiver og for videre drift av gården. Skulle komme en frå forsøksringen har ikkje sett snurten.
Venter på slåttever og. Blir litt stressa til det er nok for i rundballar til fjøssesongen. Og så skal det tørkes en låve full i høy. Så treng omlag to veker med 20 grader og sol.
Even
Hei. Har dere alle sauene deres under sida sau ?? Ser ikke alle dere skriver om her
anni
såå mange fine ponier til salgs: ) spesielt Stjernens Mini Fairly og Grytas Pegasus, er det di på finn.no???
rosi
eg synest pegasus e kjempe søt!<3
Lene
eg elska katta vi har 2
Anne
Gratulerer så mye med å ha fått høyet i hus og en fantastisk lammevekt.
Pass på å få hvilt litt også da Godt at noen står på. Ha en god helg!
Dagmar
Takk. Takk. Å det kommer nok regndager og. Det er dager for å ta det lugnt.